Sykkeltur på Stølsvidda – m/Seniorgruppa, ny dato

Fellestur

Dato
15. august kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Dette arrangementet er over!

På grunn av dårleg vermelding laurdag 17. aug blir turen flytta fram til torsdag 15. aug.

Opplev Stølsvidda og DNT-hytta Tyrisholt frå sykkelsetet. I fint ver er det eineståande flott utsikt mot Skogshorn og vidare nordover mot andre høgfjell i Hemsedal, Veste Slidre og i Vang. Turen går i eit område med mange stølar, er ca 25 km lang og går på gode grusvegar.  

Turen startar i stølsgrenda Floten på ca. 900 m.o.h og følgjer Tisleivegen i nærpå flatt ledne til Langestølen. Der frå syklar vi opp kortare kneikar og flate parti til Tyrisholt der DNT Valdres har den første hytta si.  Her har vi ein lengre pause. DNT Valdres rydda og merkte vandreruta Stølsruta sommaren 2018.  Den går innom Tyrisholt, og vi kryssar ruta to gonger på sykkelturen vår. Frå Tyrisholt syklar vi i slake motbakkar opp til Brattåsen på ca. 1090 m.o.h. Så trillar vi ned til Gaukelia og vidare ned til Tilsleivegen og tilbake til Floten.

Du bør vera i god fysisk form.

Utstyr:

  • Vanleg sykkel i god stand. Gjerne hybrid- eller terrengsykkel. 
  • Ryggsekk eller aller helst sykkelvesker som gjev eit lågare tyngdepunkt og meir stabil sykkel enn ein ryggsekk gjer.
  • Regntøy, lue, skjerf og hanskar.  Gjerne kledsskift (Du blir heilt sikkert sveitt) og sokkeskift.
  • Ta med niste og drikke.
  • Sykkelpumpe, lappesaker.

Høgdeskilnader: ca 500 m for heile turen.

Frammøte: Kl. 10.00 på Shell sør i Fagernes.

Det er inga påmelding denne gongen. Men dei som ønskjer å slutta seg til andre stader, må melda frå til turleiar Bjørn Vegard Johnsen før kl. 10.00 15/8-19.  Tlf. 481 42002

Dersom veret krev det, kan turen bli lagt om.

Kart: Fagernes Norges-serien  1:50 000

Sykkeltur på Stølsvidda – m/Seniorgruppa, ny dato

På grunn av dårleg vermelding laurdag 17. aug blir turen flytta fram til torsdag 15. aug. Opplev Stølsvidda og DNT-hytta Tyrisholt frå sykkelsetet. I fint ver er det eineståande flott utsikt ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bjørn Vegard Johnsen