Svarteknippa på Skyrifjell ved Bitihorn - dagstur

Fellestur

Dato
8. september kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
DNT Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turen Svarteknippa på Skyrifjell er ein fjelltur med utsikt og historie. Sett frå Øystre Slidre er Skyrifjellet fjellryggen som strekkjer seg ut til venstre frå Bitihødn.

Rundturen startar frå Hødnstølen innunder foten av Bitihødn, og går på tydeleg sti opp til Velumskardet. Undervegs blir det stopp og kort historietime ved «Tyskerbordet», og det same ved dei fem fangstgravene oppe i skardet.

Turen går vidare vestover oppe på den trivelege fjellryggen, med vidt utsyn mot fjell, vatn og bygder, og etter kvart til topps på Svarteknippa (1548 moh).

Tilbake går vi eit stykke på fjellryggen, og så lett klyving ned ei bratt kløft i fjellet. Vidare forbi det idylliske Kvetjednet og ned att til Hødnstølen.

  • Tidsbruk: Vel 4 timar, pause medrekna.
  • Kart: Turkart Beitostølen, eller turkart for Øystre Slidre (gult), begge i 1:50.000
  • Frammøte: kl 10.30 ved bensinstasjonen på Beitostølen, for evt. samkjøring til Hødnstølen.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 5. september kl 20:00.

Svarteknippa på Skyrifjell ved Bitihorn - dagstur

Turen Svarteknippa på Skyrifjell er ein fjelltur med utsikt og historie. Sett frå Øystre Slidre er Skyrifjellet fjellryggen som strekkjer seg ut til venstre frå Bitihødn. Rundturen startar frå Hødnstølen ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Tor Harald Skogheim