*Laurdag går* Saurrunden, skitur m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
7. mars kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Dette arrangementet er over!

Saurrunden er ein av dei finaste skiturane i sørre delen av Øystre Slidre. Så bi med! 

Turen startar frå parkeringsplassen ved Reina, like vest for stølslaget Lie. Der frå følgjer vi oppkøyrd skiløype over Liaåsen mot Tansberg, over Saurshøgde ned til Saursvatna, så ned til gapahuken ved Kjølen, over Kølafjellet til Lie og ned att til parkeringsplassen. I fint ver, får du utruleg flott utsyn mot Jotunheimen og Langsua. 

Heile turen er ca. 17 km. lang og går i oppkøyrde spor. Høgdeskilnaden for heile turen er ca. 650 m.  

Turen er middels tung. Det er 4 lange stigningar, ein i starten, ein opp mot fjellet like før Saur, ein frå Kjølen og den siste frå krysset mot Vangsjøen og opp mot Kjølafjellet.  Det er ein litt utfordrande utforbakke, elles er utforbakkane greie på normalt og godt føre. Turen eignar seg ikkje for fjellski. Du må vera i normalt god fysisk form. 

Vi skal inn i snaufjellet, så kle deg for dette. Ta med godt med niste og varm drikke.

Frammøte på Shell-stasjonen på Fagernes kl. 10.00. Der frå blir det samkøyrning via Melbybråten. Siste delen av vegen er på bomveg (60 kr.) Dei som vil møta på Melbybråten, møter der kl. 10.15 og ventar til vi kjem frå Fagernes. 

Årsak til endret dato: Det er spådd snø til uka og det brøytes nå bare i helgene.

Kartblad:  Skiløyper Øystre Slidre 2015 - 2016 

*Laurdag går* Saurrunden, skitur m/Seniorgruppa

Saurrunden er ein av dei finaste skiturane i sørre delen av Øystre Slidre. Så bi med!  Turen startar frå parkeringsplassen ved Reina, like vest for stølslaget Lie. Der frå følgjer ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Ester Christensen