Fjellskitur til Saur m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
24. mars kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Skitur, Fjellskitur
Arrangør
DNT Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)

Opplev Saur utanfor oppkøyrde skispor. Saur er fjellområdet mellom Kjølafjellet og elva Etna i sørlege delen av Øystre Slidre. Det er eit småkupert område som er kjent for mange gode fiskevatn, men er ikkje mykje besøkt om vinteren.   

Alternativ dato er tysdag 10. mars. Følg med på www.valdres.dnt.no 

Vi startar skituren frå parkeringsplassen ved Reina, like vest for stølslaget Lie.  Vi følgjer søkket nordover og opp mot Kjølafjellet. Derfrå ber det ned mot vatnet Kjølen og gapahuken der.  Etter ein liten pause der, følgjer vi skiløypa opp mot Midtre Saursvatnet. Her forlet vi skiløypa og går i urørt terreng mot dei andre vatna i området. Vi passerer skiltet som fortel om flyslepp under siste verdskrigen.   

Lengst inne har vi ein lengre pause. Kanskje tenner vi bål. Ta gjerne med pølser eller anna mat som kan varmast på bålet. Vegen tilbake er går over høgdene litt lenger sør enn der vi kom fram. 

Heile turen er ca. 20 km. Høgdeskilnadene er ca. 600 m totalt. Vi avpassar oppstigningar og utforkøyringar etter snøforholda.  

Vi skal inn i snaufjellet, så du må kle deg for dette. Ta med godt med niste og varm drikke. 

Dette er ein fjellskitur. Den er frå middels til krevjande alt etter ver, føre og vegval.  

Blir veret / føret for dårleg, blir turen flytta til 31. mars. Turen kan også bli flytta fram i tid. Følg med på heimesida til DNT Valdres. 

Frammøte på Shell-stasjonen på Fagernes kl. 10.00. Der frå blir det felles køyring via Melbybråten til Reina. Siste delen av vegen er bomveg  (60 kr) Dei som vil møta på Melbybråten, møter der kl. 10.15 og ventar til vi kjem frå Fagernes.

Kartblad:  Skiløyper Øystre Slidre 2015 – 2016 og Turkart Øystre Slidre , Mesterkart 1:50 000 

Fjellskitur til Saur m/Seniorgruppa

Opplev Saur utanfor oppkøyrde skispor. Saur er fjellområdet mellom Kjølafjellet og elva Etna i sørlege delen av Øystre Slidre. Det er eit småkupert område som er kjent for mange gode ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ester Christensen
  • Bjørn Vegard Johnsen