Avlyst Overnattingstur til Tomashelleren

Fellestur

Fra dato
28. mars kl. 10:00
Til dato
29. mars kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Skitur, Hytteovernatting
Arrangør
DNT Valdres
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Turen er avlyst for å slutte opp om dugnaden med å begrense koronasmitte.

DNT-hytta i fjellet mellom Vang og Bygdin ligg høgt og fritt, og med flott utsyn – om vêret vil. 

Turstart er ved alpinanlegget i Raudalen, der vi tek heisen opp i vel 1000 moh. Så i jamn stigning oppover Slettefjell mot Belgjenøse, den kvite «pyramiden». Vidare vestover oppe på fjellplatået, litt ned på sørsida av Skræmetindane, så ut mot og over Rysntjednet. Til slutt rundar vi sør for fjellet Tomashelleren, og er like etter ved sjølvbetjeningshytta som har fått namn etter fjellet, og som har bortimot 20 sengeplassar. 

Heimturen kan leggjast på fleire måtar, vêret samt form i gruppa vil avgjere. Eit alternativ er å fylgje fjellryggen nordover, og til toppen av Mugnetinden, før vi set kurs utover att mot Slettefjell og Raudalen. 

Turen høver best på vanlege fjellski. Det er nødvendig med god skierfaring og bra form. Og sjølvsagt fullt utstyr for å takle vinterfjellet. Meir opplysningar ved kontakt med turansvarleg. 

Kostnad er skiheisen opp og det kvar enkelt må betale for mat/overnatting på DNT-hytta. Elles gratis.

Frist for påmelding (se kontaktinformasjon) senest 24. mars kl 22:00.

Overnattingstur til Tomashelleren

DNT-hytta i fjellet mellom Vang og Bygdin ligg høgt og fritt, og med flott utsyn – om vêret vil.  Turstart er ved alpinanlegget i Raudalen, der vi tek heisen opp i vel 1000 ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Tor Harald Skogheim
  • Torkjell Haugen