Kulturhistorisk sykkeltur på Valdresbanevegen Fagernes – Bjørgo t/r m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
9. juni kl. 10:30 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Dette arrangementet er over!

Bli med på ein kulturhistorisk sykkeltur tur/retur Fagernes - Bjørgo på Valdresbanevegen  (traseen til den nedlagde Valdresbanen). Stigninga frå Fagernes til Bjørgo er på ca. 200m.

Tema for turen i år er samferdsle med vekt på utvikling av vegane opp gjennom tidene.

Turen er ca 38 km t/r.  Fram til Aurdal syklar vi på den asfalterte sykkelvegen. I Aurdal følgjer vi restane av den gamle kongevegen eit lite stykke til vi kjem opp att i sykkelvegen.  Det blir truleg flest stopp i Aurdal og sør for Aurdal. Mellom Leira og Aurdal blir det for det meste oppsamlingsstopp.

Sykkelen må vera i god stand. Ta med eiga sykkelpumpe og eigne lappesaker. Ta gjerne med sykkelhanskar e.l.  

Du må vera i normalt god fysisk form. Kle deg for veret slik det er denne dagen. Ta med eiga niste og drikke.  

På denne turen set vi ei grense på 12 deltakarar + turleiarane.

VIKTIG

På grunn av koronapandemien følgjer DNT dei råda som myndigheitene anbefalar til ei kvar tid.  DNT har utarbeidd ein smittevernplan for all aktivitet for å sikra trygg gjennomføring av fellesturane våre. Nedanfor ser du nokre hovudpunkt i planen:

Les dei før du melder deg på turen:

  • For å kunna vera må på tur, må ein ikkje vera smitta av korona, ikkje vera i karantene / isolasjon, ikkje ha milde symptom på luftveisinfeksjon.
  • Det er påmelding til alle turane til DNT.
  • Deltakarane må ha med antibac.
  • Deltakarane må ha med eigen mat og drikke.
  • Avstandsregel er 1 m.( På denne turen gjeld det å ha min. 5 m. avstand når vi syklar, elles 1 m.)
  • Blir nokon sjuke av korona på turen, blir vedkommande sendt heim, og kommunelegen og kontaktpersonen i DNT Valdres blir varsla.
  • Avstandskravet gjeld også i bil for andre enn husstandsmedlemmer.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 8. juni kl 18:00 etter regelen «først til mølla »

Frammøte ved Valdres folkemuseum på Fagernes  kl. 10.30. 

Kartblad Fagernes  Norgesserien 10049 1: 50 000

https://www.dnt.no/aktiviteter-covid-19/

Kulturhistorisk sykkeltur på Valdresbanevegen Fagernes – Bjørgo t/r m/Seniorgruppa

Bli med på ein kulturhistorisk sykkeltur tur/retur Fagernes - Bjørgo på Valdresbanevegen  (traseen til den nedlagde Valdresbanen). Stigninga frå Fagernes til Bjørgo er på ca. 200m. Tema for turen i ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Mads Wangensten