Stølsvandring til stølen Ølslykkja på Aurdalsåsen m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
7. juli kl. 10:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stølsvandring
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Dette arrangementet er over!

Bli med til Ølslykkja, den gamle prestegardsstølen på Aurdalsåsen. Tove Skjelstad og Odd Sagbråten er kjent for stølsvandringane sine i Aurdalsåsen.  Dei blir med oss som kjentfolk på denne turen og fortel om livet på denne gamle stølen og om eigarar av stølen fram gjennom tidene.

Turen startar ved bommen ved Storstølen ca. 990 m.o.h. Den ligg like ved alpinanlegget bak Danebu. Der frå går vi på grusveg opp til Øvre Storstølen. Så går stigen i slak motbakke gjennom skogen opp til snaufjellet på høgde 1124 m.o.h. Her er det flott utsikt mot Mellane og Jotunheimen. Så går stigen slakt utfor eit lite stykke til vi går opp på ein fjellrygg 1115 m.o.h. Etter ei stund ber det litt bratt, men på god stig, ned til Ølslykkja som er målet for turen, ca. 990 m.o.h. Ølslykkja var ein av stølane til prestegarden i Aurdal. Mange prestekoner har vore her, m.a. Hanna Winsnes (1827 – 30), kjent for kokeboka si, og Amalie Sofie Bekkevold (1863- 84). Ho var først gift med Henrik Wergeland.

Tilbaketuren blir enten same lei som vi kom, eller ein liten runde.

Turen er på 9 km. t/r + litt til dersom vi går ein runde.  Turen er middels krevjande, men du bør vera i god fysisk form. Samla hødeskilnader på heile turen er ca. 400 m.

Du må kle deg for etter veret denne dagen og ha med niste og varm drikke. Ta også med sitjeunderlag.

Vi ønskjer å unngå å avlysa turar. Denne turen kan difor bli lagt om dersom veret blir for dårleg på turdagen.

Sjølve fotturen er rekna til å ta ca, 4 timar.  Vi er tilbake på Fagernes ca. kl. 16.00.

På denne turen set vi ei grense på 12 deltakarar + 2 turleiarar og 2 kjentfolk. 

Vil du vera med på turen, må du melda deg på til tlf. 48142002 innan 6. juli kl. 18.00 etter regelen «først til mølla……»

VIKTIG

På grunn av koronapandemien følgjer DNT dei råda som myndigheitene anbefalar til ei kvar tid.  DNT har utarbeidd ein smittevernplan for all aktivitet for å sikra trygg gjennomføring av fellesturane våre. Nedanfor ser du nokre hovudpunkt i planen:

Les dei før du melder deg på turen.  Klikk på lenka om dette lengst nede på denne sida og  les meir der.

  • For å kunna vera må på tur, må ein ikkje vera smitta av korona, ikkje vera i karantene / isolasjon, ikkje ha milde symptom på luftveisinfeksjon.
  • Det er påmelding til alle turane til DNT.
  • Deltakarane må ha med antibac.
  • Deltakarane må ha med eigen mat og drikke.
  • Avstandsregel er 1 m
  • Blir nokon sjuke av korona på turen, blir vedkommande sendt heim, og kommunelegen og kontaktpersonen i DNT Valdres blir varsla.
  • Avstandskravet gjeld også i bil for andre enn husstandsmedlemmer.

https://www.dnt.no/aktiviteter-covid-19/

Stølsvandring til stølen Ølslykkja på Aurdalsåsen m/Seniorgruppa

Bli med til Ølslykkja, den gamle prestegardsstølen på Aurdalsåsen. Tove Skjelstad og Odd Sagbråten er kjent for stølsvandringane sine i Aurdalsåsen.  Dei blir med oss som kjentfolk på denne turen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Ester Christensen