Kulturhistorisk sykkeltur i sørre delen av Etnedal m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
14. juli kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Hadeland, Gjøvik og Land, Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Dette arrangementet er over!

Kor godt kjenner du Etnedal? Bli med på ein kulturhistorisk sykkeltur i Etnedal med Torodd Lybeck som kjentmann og forteljar.

Turen startar ved Skogtun forsamlingslokale 200 m sør for Bruflat. Der er det godt om parkeringsplass. Her frå kryssar vi elva Etna og følgjer bygdevegen sørover. Vi er innom den gamle mølla, syklar til Klevgard, så vidare til Wold og så til Lundebrue. Her blir det ein lengre stopp med orientering om brua, oppgangssaga, tømmerfløyting, kanalisering av elva og ikkje minst om Sigurd Lybeck og forfattarskapen hans. Etter det syklar vi på vestre elveryggen («Sigurd Lybecks veg») til vi kjem til campingplassen. Her blir det ein lengre pause. Det kan vera mogeleg å kjøpa mat og drikke der, men ta like vel med deg niste og drikke.  Vi syklar tilbake mot Lundebrue og Lunde på elveryggen. Frå Hellebrufossen syklar vi på skogsveg til Wold og der frå tilbake via Klevgard eller på fylkesvegen. Turen blir avslutta med ein sving oppom Bruflat sentrum der vi m.a. ser på den gamle skysstasjonen der.

Turen er på ca. 30 km. Det meste av turen er lettsykla, men til og frå Klevgård er det bratte kneikar. (Det er lov å trilla sykkelen der.) Det er både asfaltert veg, grusveg og skogsveg på turen.

Du kan bruka vanleg sykkel. Racersykkel eignar seg ikkje. Sykkelen må vera i god stand, men ta med sykkelpumpe, lappesaker og refleksvest.

Du bør vera i normalt god fysisk form. Kle deg for veret slik det er denne dagen. Ta med godt med niste og drikke.  På grunn av smittevernomsyn, må du ha med eigen antibac. Vi følgjer vanlege reglar for avstand, men når vi syklar, må vi auka avtanden både på grunn av sikkerheit under syklinga og på grunn av smittevernet.

Sjå elles meir om smitevern under denne teksten.

Turen kan blir justert alt etter veret og ev. andre forhold.

Frammøte ved Shell på Fagernes kl. 10.00 eller på Skogtun forsamlingslokale  kl. 10.45. Vil du slutta deg til oss mellom Fagernes og Etnedal, avtalar vi det når du melder deg på turen.

Kartblad Fagernes  Norgesserien 10049 1: 50 000

VIKTIG

På grunn av koronapandemien følgjer DNT dei råda som myndigheitene anbefalar til ei kvar tid.  DNT har utarbeidd ein smittevernplan for all aktivitet for å sikra trygg gjennomføring av fellesturane våre. Nedanfor ser du nokre hovudpunkt i planen:

 Les dei før du melder deg på turen.  Klikk på lenka om dette lengst nede på denne sida og les meir.

  • For å kunna vera må på tur, må ein ikkje vera smitta av korona, ikkje vera i karantene / isolasjon, ikkje ha milde symptom på luftveisinfeksjon.
  • Det er påmelding til alle turane til DNT.
  • Deltakarane må ha med antibac.
  • Deltakarane må ha med eigen mat og drikke.
  • Avstandsregel er 1 m. (På denne turen gjeld det å ha min. 5 m. avstand når vi syklar, elles 1 m.)
  • Blir nokon sjuke av korona på turen, blir vedkommande sendt heim, og kommunelegen og kontaktpersonen i DNT Valdres blir varsla.
  • Avstandskravet gjeld også i bil for andre enn husstandsmedlemmer.

Alle turer og aktiviteter skal ha påmelding i forkant, med registrering av navn og kontaktinformasjon. For alle arrangører av offentlige arrangement stilles det strenge krav til sporbarhet ved et eventuelt smitteutbrudd, og en mer løselig registrering på oppmøtestedet er derfor ikke tilstrekkelig. Gjennom krav til påmelding holder vi også kontroll på gruppestørrelsen. Ved oppstart av turen/aktiviteten gjennomføres opprop.

Frist for påmelding (se kontaktinformasjon) senest 13.7 innen kl 18:00.

https://www.dnt.no/aktiviteter-covid-19/

Kulturhistorisk sykkeltur i sørre delen av Etnedal m/Seniorgruppa

Kor godt kjenner du Etnedal? Bli med på ein kulturhistorisk sykkeltur i Etnedal med Torodd Lybeck som kjentmann og forteljar. Turen startar ved Skogtun forsamlingslokale 200 m sør for Bruflat. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Mads Wangensten
  • Bjørn Vegard Johnsen