Dagstur Nørre Gluptinden - Kremtopp

Fellestur

Dato
20. juli kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kremtopp
Arrangør
DNT Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)

Sjå mange kjende 2000-meterstoppar i Jotunheimen frå kremtoppen Nørre Gluptinden (1555 moh).

Denne turen er ca 15 km lang t/r og startar ved stølen Urek rett vest for fjellstova Haugseter ved den store innsjøen Vinstre. Køyr litt forbi Bygdin høgfjellshotell og ta inn på Jotunheimsvegen (bomveg 100 kr.) Køyr ca. 11 km til stølen Urek. Der brukar det å vera lett å  parkera. Vi følgjer DNT-stigen nordover mot Gjendesheim. Stigen er tydeleg og godt merka. Den første kilometeren er tung, men ikkje vanskeleg. Når den er unnagjort, kjem vi opp i lettare lende. Her er det fin utsikt tilbake mot Vinstre og fjella sør for den.  Vi steingår eit par bekkar. Dei siste 2 km fram til skaret mellom Nørre og Sørre Gluptinden er det etter måten flatt. I enden av skaret er det eit vidt utsyn over Valdresflye og ned mot Heimdalen. Når vi har passert Nørre Gluptinden på vestre hand, tar vi av frå stigen og følgjer fjellryggen til topps. Oppstigninga er ca 1 km og om lag like tung som oppstigninga frå Urek. Vi følgjer same stigen tilbake til bilane. Det er ingen luftige parti på turen før vi nærmar oss toppen. Der er det ei etter måten ei stor flate. Men det er svært bratt vest, sør og aust for toppen. 

Vi skal inn i snaufjellet, så du må kle deg for dette. Gode fjellstøvlar er ein fordel. Hugs at veret kan skifta brått i høgfjellet. 

Ta med godt med niste og varm drikke.  

Frammøte på Shell-stasjonen på Fagernes kl. 09.00. Der frå blir det samkøyring. Dei som vil møta på Beitostølen, møter på bensinstasjonen der kl. 09.45 og ventar til vi kjem frå Fagernes. Dei som vil slutta seg til mellom Fagernes og Beitostølen, melder frå til turleiar seinast kl. 08.45 på turdagen på tlf.  48142002. Dersom veret blir for dårleg, kan turen bli avlyst. Følg med på heimesida til DNT Valdres. 

Høgdeskilnaden frå Urek til topp-punktet er ca. 520 m.  Tidsbruken er rekna tur / retur Fagernes. 

Kartblad: Turkart Øystre Slidre , Mesterkart 1:50 000  

Dagstur Nørre Gluptinden - Kremtopp

Sjå mange kjende 2000-meterstoppar i Jotunheimen frå kremtoppen Nørre Gluptinden (1555 moh). Denne turen er ca 15 km lang t/r og startar ved stølen Urek rett vest for fjellstova Haugseter ved den store innsjøen Vinstre. Køyr litt forbi Bygdin høgfjellshotell og ta inn på Jotunheimsvegen (bomveg 100 kr.) Køyr ca. 11 km til stølen Urek. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bjørn Vegard Johnsen