Dagstur til Veslebotnskarvet

Fellestur

Dato
3. august kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
DNT Valdres

Veslebotnskarvet, eller Trøymfjellet, er ein fin fjelltopp rett over grensa til nabofylket Buskerud. Den stikk 50 meter høgre opp enn den meir kjente Skogshorn som ligg litt lenger søraust.

Vi møtest på Vaset for samkjøring inn til Raudbekk. Her startar fotturen på sti langs elva Trolla. Oppe på platået kryssar vi elva og går inn til Lægeret. Her var det i tidlegare tider hesteslepp. Herifrå går vi om Lægernosi opp til Veslebotnskarvet som ligg 1778 moh. Vidt utsyn frå toppen!

Tilbaketuren går først ned til Lægeret før vi følgjer stien tilbake til Raudbekk og bilane. Fin dagstur som krev at ein er i vanleg god form.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 20. juli kl 23:00. 

Påmeldte får melding om oppmøteplass på Vaset. Maks 10 deltakarar.

Dagstur til Veslebotnskarvet

Veslebotnskarvet, eller Trøymfjellet, er ein fin fjelltopp rett over grensa til nabofylket Buskerud. Den stikk 50 meter høgre opp enn den meir kjente Skogshorn som ligg litt lenger søraust. Vi møtest på Vaset for samkjøring inn til Raudbekk. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Mads Wangensten