Sykkeltur i Vassfaret m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
1. september kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Sykkeltur, Vassfaret
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Holleia, Vikerfjell og Vassfaret, Nordmøre med Fjordruta (se kart)

Opplev dei mest kjende stadene i Vassfaret frå sykkelsetet. Dette er ein sykkeltur for deg som ønskjer ein noko hardare sykkeltur enn dei vi har hatt i seniorgruppa til no, men som ønskjer ein tur som ikkje er for krevjande. Vi tar oss likevel tid til å nyta naturen og har fleire stopp der vi blir kjende med Vassfaret og livet der i gammal tid.

Turen er på ca. 40 km. Vi startar syklinga ved Aurdalsetra og passerer kjende stader som Aurdalsdammen, Skrukkefyllhaugen, Nevlingdammen, Amundheimen og Vassfarplassen. Vi syklar langs mange innsjøar m.a. Aurdalsfjorden, Nevlingen, Nedre og Øvre Grunntjern. Turen endar ved sørenden av Suluvatnet. Her har vi ein lengre pause før vi syklar same vegen tilbake.

Vegen vi skal sykla på, er dels god skogsbilveg, god skogsveg, og litt meir utfordrande traktorveg.

Traseen vekslar mellom lange flate parti, slake stigningar, og ein del bratte, men ikkje for lange kneikar.

Du må ha sykkel i god stand, gjerne hybrid eller trerrengsykkel. Racersykkel eignar seg ikkje. Vi skal inn i Indre Vassfaret landsapsvernområde, og på grunn av vernebestemminga kan vi ikkje bruka elektrisk sykkel på turen.

Frammøte ved Shell på Fagernes kl. 09.00.  Vi køyrer bil via Bagn, Tollefsrud, over til Hedalen og ned til Øvre Fossholt. Der frå tar vi bomveg (kortautomat) inn i Vassfaret til Aurdalsetra.  Det er ca. 90 km frå Fagernes.

Dei som ønskjer å slutta seg til sør for Fagernes, melder frå om det når dei melder seg på.

Kartblad Sør-Valdres Ugland it 1: 50 000 - Best.nr 2555

Frist for påmelding (se kontaktinformasjon) senest 30. august kl 19:00.

Sykkeltur i Vassfaret m/Seniorgruppa

Opplev dei mest kjende stadene i Vassfaret frå sykkelsetet. Dette er ein sykkeltur for deg som ønskjer ein noko hardare sykkeltur enn dei vi har hatt i seniorgruppa til no, ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Torkjell Haugen
  • Bjørn Vegard Johnsen