Avlyst Kom deg ut-dagen: Mefjellet ved Bygdin - Kremtopp

Fellestur

Dato
6. september kl. 11:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kom-Deg-Ut, Kremtopp
Arrangør
DNT Valdres
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Turleder har fått vond fot og ingen andre turledere har anledning til å ta turen.

Fin topp med kongeleg utsyn vestover fjellsjøen Bygdin. 

Frå stor parkering ved Bygdinstøga/Fagerstrand fylgjer du tydeleg sti opp på vestsida av bekken. Dette er same sti som mot Synshorn, men like før du kjem opp i Fagerdalen tek du av rett til venstre frå stien og fylgjer ryggen oppover i retning mot Mefjellet (du ser toppvarden nedanfrå).

I bratta innunder den steile austveggen held du ut mot venstre til det går an å gå/småklyve opp mot toppen. Lettast om du rundar nesten heilt ut mot sørsida. Turen opp tek om lag ein time. 

For å få til ein runde kan returen leggjast nordover ryggen på Mefjellet og ned i eit markert skar søraust for eit tydeleg toppunkt (ca 1300 m). Akkurat i skaret ligg ei godt bevart fangstgrav (reinsgrav). 

Vidare opp på og over det nevnte toppunktet, og så nedover mot nord og opp til ein merka sti oppe i dalen (ikkje innteikna på kart) og fylg denne austover på nordsida av heimre Fagerdalstjernet. Til slutt bratt ned att stien til Fagerstrand. Heile rundturen tek om lag 2,5 t, pluss pausar. 

Start: kl 11.00 frå Bygdinstøga (etter å ha betalt for parkering).  

Alle turer og aktiviteter skal ha påmelding i forkant, med registrering av navn og kontaktinformasjon. For alle arrangører av offentlige arrangement stilles det strenge krav til sporbarhet ved et eventuelt smitteutbrudd, og en mer løselig registrering på oppmøtestedet er derfor ikke tilstrekkelig. Gjennom krav til påmelding holder vi også kontroll på gruppestørrelsen. Ved oppstart av turen/aktiviteten gjennomføres opprop.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 4. september kl 22:00.

https://www.dnt.no/aktiviteter-covid-19/

Kom deg ut-dagen: Mefjellet ved Bygdin - Kremtopp

Fin topp med kongeleg utsyn vestover fjellsjøen Bygdin.  Frå stor parkering ved Bygdinstøga/Fagerstrand fylgjer du tydeleg sti opp på vestsida av bekken. Dette er same sti som mot Synshorn, men like før du ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Tor Harald Skogheim