Opplev Store Nuten på Valdresflye i vinterdrakt. Store Nuten er ein av toppane på Valdresflye som ligg nærast fylkesveg 51. Den er 1541 m.o.h. Det er jamn stigning fram til toppen. Siste stigninga er litt brattare, men er etter måten lett å forsera. Frå toppen er det eit flott utsyn mot mange 2000-meterstoppar i Jotunheimen.
Vi startar turen eit stykke oppe i bakkane mellom Jotunheimsvegen og toppen på vegen over Valdresflye. Er veret bra nok, legg vi tilbaketuren rundt Steinstogonuten. Elles tar vi same leia tilbake. Høgdeskilnaden er ca. 300 m. Turen er 8 – 10 km t/r.
Vi skal vera i svært opent lende i høgfjellet på heile turen. Det er difor svært viktig at du kler deg godt. Ta med godt med ekstra varme klede, ekstra lue, sokkar, vottar og skjerf. Ta med rikeleg med varm drikke og niste. Ta gjerne med snøspade om du har.
Du får tips om pakkeliste når du melder deg på. På denne turen anbefaler vi fjellski. Ta med feller.
Frammøte på Shell på Fagernes kl. 09.30. Ønskjer du å møta fram nord for Fagernes, melder du frå om det når du melder deg på. Vi reknar med å vera tilbake på Fagernes til kl. 16.30
Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 11. april kl 18:00.
Kart: Turkart Øystre Slidre 1:50 000 Mesterkart
Gjeldende smittevernregler:
Utsikt mot Nørre Gluptinden, Store Nuten og Steinstogonuten Foto: Bjørn Vegard Johnsen