Sykkeltur på Stølsvidda m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
27. juli kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 25. jul

Opplev Stølsvidda og panoramaet rundt frå sykkelsetet. Nyt utsikten mot Jotunheimen og mot toppar i Hemsedal, Vestre Slidre og Vang.

Turen er ca. 35 km lang.  Vi startar syklinga ved parkeringsplassen nederst i alpinanlegget ved Gomobu, følgjer Panoramavegen i slak stigning ca. 2 km. Der tar vi av stølsvegen i slak utforbakke mot Krististølen og ca. 6 km ned til Flyvatnet (Storfjorden). Så følgjer vi Tisleivegen ca. 7 km (rimeleg flat) til Langestølen kolonial der vi tar ein lengre matpause. Det er mogleg å kjøpa mat og drikke der.

Turen går så på stølsveg opp til Brattåsen. Dette er den tyngste delen av turen, stort sett med lang og ikkje for tung stigning, men med nokre bratte kneikar i starten. Før vi når Brattåsen, syklar vi gjennom stølsgrenda Tyrisholt. Her ligg DNT Valdres si einaste hytte som dei leiger av stølseigaren der. Her kryssar vi også DNT-stigen som DN Valdres har ansvaret for. Den går frå Merket i Tisleidalen til Vang.

Frå Brattåsen syklar vi tilbake til Gomobu via Valtjernstølen. Denne etappa er svært lett med lange slake utforbakkar og flater, men er brattare på slutten.

Turen går på god grusveg og eignar seg for dei fleste syklar. Ta med ekstara sykkelslange, sykkelpumpe og lappesaker. Hugs sykkelhjelm og refleksvest. Vi syklar på trafikkert veg. Turen går i opent lende, kle deg difor godt og ta med rikeleg med mat og drikke. Det blir fleire pausar under vegs.

Det er oppmøte på Shell på Fagernes kl. 09.00. Dei som ønskjer å slutta seg til andre stader, avtalar det med turleiaren når dei melder seg på.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 25. juli kl 18:00.

Kart: Vestre Slidre turkart 1: 50 000     Vestre Slidre fjellstyre

Sykkeltur på Stølsvidda m/Seniorgruppa

Opplev Stølsvidda og panoramaet rundt frå sykkelsetet. Nyt utsikten mot Jotunheimen og mot toppar i Hemsedal, Vestre Slidre og Vang. Turen er ca. 35 km lang.  Vi startar syklinga ved parkeringsplassen ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Mads Wangensten