Sykkeltur Juvikåsen – Tansberghøgde m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
21. september kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Haugalandet, Langsua (Huldreheimen) , Østfold (se kart)
Turkode
Påmeldingsfrist 19. sep

Opplev haustfargane i fjellet frå sykkelsetet. Dette er turen for deg som ønskjer ein ikkje for lang og hard sykkeltur i haustfjellet.

Vi startar sykkelturen frå parkeringsplassen på Juvikåsen (930 m.o.h.) og syklar på god grusveg ca. 10 km til høgste punktet på stølsvegen (1020 m.o.h.) Etter eit par km. frå Juvikåsen kjem vi til stølslaget Lie. Her er det ein ca 1 km. lang, men ikkje særleg bratt stigning til toppen på åsen. Så er det flatt et stykke før vi kjem til ein litt bratt, men ikkje lang utforbakke. Så er landskapet svært idyllisk og lettsykla.  Siste bakken opp mot Tansberghøgda er bratt, men ikkje særleg lang.

Vi set frå oss syklane her og går nokre få hundre meter på tydeleg og lett stig bort til varden rett over stølane på Tansberg (1067 m.o.h.) Her oppe er det utsikt i alle retningar.  Vi har ein lengre matpause her før vi dreg same veg tilbake.

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 10.00. Vi køyrer til Melbybråten og tar opp til Ås der vi følgjer Stølsvegen (bomveg 60 kr.) til Juvikåsen.

Turen eignar seg godt for vanlege tursyklar (t.d. hybrid og terrengsyklar). Hugs ekstra sykkelslange, sykkelpumpe og lappesaker. Hausten kan vera kald i fjellet, så kle deg godt. Ta med niste og varm drikke. Hugs sykkelhjelm og refleksvest. Bruk skor som eignar seg i terrenget. Pakk bagasjen i ryggsekk sidan vi skal gå eit stykke.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 19. september kl 18:00.

Kart: Mesterkart Turkart Øystre Slidre 1 : 50 000

Sykkeltur Juvikåsen – Tansberghøgde m/Seniorgruppa

Opplev haustfargane i fjellet frå sykkelsetet. Dette er turen for deg som ønskjer ein ikkje for lang og hard sykkeltur i haustfjellet. Vi startar sykkelturen frå parkeringsplassen på Juvikåsen (930 m.o.h.) ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Mads Wangensten
  • Bjørn Vegard Johnsen