Fottur Heimdalen – Sjodalen m/Seniorgruppa

Fellestur

Dato
24. august kl. 08:30 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
DNT Valdres, Seniorgruppa Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)

Opplev idylliske Heimdalen, og fjellet med utsyn til tindane i Leirungsdalen og ved Gjende og vakre Sjodalen. Mellomalder, beitedal, høgfjell og alpine tindar. 

Turen startar i Heimdalsmunnen. Vi går på umerka, men lett og tydeleg sti ned til Sandbakkbue i Øvre Heimdalen.  Ein av bekkane er så brei at vi må bruka dei vadestokkane som er sett opp på kanten, eller eigne stavar.  Frå Sandbakkbue følgjer vi DNT-stigen over fjellet mot Maurvangen. Stigen er litt bratt, men ikkje for bratt opp lia. Etter ein god time er vi oppe på den nakne flya mellom Brurskarsknappane og Heimdalshøe. Her frå er det i fint ver imponerande utsyn mot tindane i Leirungsdalen og rundt Gjende. Turen endar ved fylkesveg 51 mellom parkeringsplassen ved Vargebakken og Maurvangen.  Nedstigninga mot fylkesvegen er lang, men ikkje særleg bratt. Her er det flott utsyn over øvre delen av Sjodalen.

Heimdalen er ei litt bortgøymt naturperle og er kjent frå mellomalderen. Den har vore eit viktig beiteområde og kjelde til konfliktar opp gjennom tidene. Vi har ein lengre pause ved Sandbakkbue. Den er ei av Øystre Slidre fjellstyre sine opne buer. Her vil turleiar fortelja om dalen frå mellomalderen til i dag.

Sjølve fotturen er på ca. 10 km og varar 4 – 5 timar.  Starten ved Heimdalsmunnen ligg på ca 1180 m.o.h., Sandbakkbue på 1100 m.o.h. og høgste punktet på turen på 1380 m.o.h.  Målet for turen ligg på ca. 1000 m..o.h. Det er ingen spesielt krevjande parti på turen. Men du må vera i god fysisk form. Oppe på flya kan det blåsa ein del. Det er mange blaute parti. Kle deg godt for ein lang dag i fjellet.  Ta med sokkeskift, vottar / hanskar, skjerf og lue.  Ha med godt med mat og drikke.

Avreise frå Shell sør på Fagernes kl. 08.30, Rogne s-lag kl. 08.50, Coop Prix på Heggenes kl. 09.10 og  turistinfo. på Beitostølen kl. 09.25. Det er for langt å gå tilbake til bilane frå der turen endar. Vi må difor ha mange nok bilar slik at vi kan ha bilar både ved start og mål for turen. Vi reknar med å vera tilbake på Fagernes ca. kl. 18.30.

NB!  Vi ønskjer ikkje å avlysa turar. Dersom veret blir for dårleg til at vi kan gjennomføra heile turen, vil den difor bli lagt om eller avkorta.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 22. august kl 18:00.

Kart:

  • Mesterkart: Turkart Øystre Slidre 1: 50 000
  • Norgesserien  1: 50 000:  Espedalen 10057, Otta  10065 og Bygdin 10056
 

Fottur Heimdalen – Sjodalen m/Seniorgruppa

Opplev idylliske Heimdalen, og fjellet med utsyn til tindane i Leirungsdalen og ved Gjende og vakre Sjodalen. Mellomalder, beitedal, høgfjell og alpine tindar.  Turen startar i Heimdalsmunnen. Vi går på ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turledere:

  • Beate Sunde Knutsen
  • Bjørn Vegard Johnsen