Dagstur til Rabalsmellin - Kremtopp

Fellestur

Dato
5. juli kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kremtopp
Arrangør
DNT Valdres
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Turkode
Påmeldingsfrist 3. jul

Bli med og opplev det storsalgne utsynet frå Rabalsmellin (1111 m.o.h.). Rabalsmellin er ein av dei lågare toppane der vi får eit imponerande utsyn. Det er ein stor fordel å ha med seg kikkert. Sikteskiva på toppen er svært detaljert og til god hjelp.

Turen startar frå den nedlagde Vangsjøen fjellstue. Her er det god parkeringsplass. Turen opp på toppen er kort (3,3 km. ein veg) og ikkje særleg bratt. Høgdeskilnaden er ca. 200 m.  Like før vi nærmar oss toppen er det likevel nokre korte bratte kneikar. Stigen er god, og det er godt skilta. Vi tar ein lang pause på toppen for å kunna nyta utsynet.

På veg tilbake til bilane tar vi ein avstikkar bort til nordenden av Rabalsvatnet. Derifrå går vi enten opp mot utsikten på nørre utsikta på Kjølafjellet og følgjer DNT-stigen ned til stølen Rabalen og følgjer stølsvegen tilbake til fjellstova, eller vi går bortom den idylliske badekulpen eit stykke nedanfor Rabalsvatnet og så bort på DNT-stigen, ned på stølen og bort til bilane. På denne delen av turen er stigane mindre tydelege.

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 10.00. Dei som ønskjer å møta andre stader, melder frå om det når dei melder seg på turen. Frå Fagernes køyrer vi til Moane i Øystre Slidre, tar så stølsvegen (bomveg) mot Vangsjøen og følgjer skiltinga dit. Vi reknar med å vera tilbake på Fagernes ca. kl. 15.00.

Kle deg for veret denne dagen. Det kan blåsa kaldt på toppen. Ta med niste og drikke. Det kan vera vått på stigane og i terrenget, så vi anbefalar fjellsko e.l.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 3. juli kl 18:00.

Kart:  Mesterkart Turkart Øystre Slidre kommune 1: 50 000

Dagstur til Rabalsmellin - Kremtopp

Bli med og opplev det storsalgne utsynet frå Rabalsmellin (1111 m.o.h.). Rabalsmellin er ein av dei lågare toppane der vi får eit imponerande utsyn. Det er ein stor fordel å ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Vegard Johnsen
  • Tlf. 481 42 002

Turleder:

  • Bjørn Vegard Johnsen