Sler det til med skikkeleg midtvinterlys blir det ei ekstra fin oppleving her i 1400 meters høgde. Men vêr- og snøforforhold kan variere mykje på denne tida, turen blir lagt opp ut frå dette.
Rasletinden kan vere aktuelt turmål ved gode tilhøve, eit anna alternativ er å ta ein runde austover på Flye, mot Store Nuten og Gluptindane. Eit tredje alternativ er å gå sørvestover frå toppen av Flye, i retning mot Torfinnsbu. Målet kan vere ein liten kolle (1333 m) litt nord for Hestvollen, med herleg utsyn vestover fjellsjøen Bygdin om vêret er bra. Denne varianten gjekk vi i 2020, men med start i tjukk tåke og delvis tung brøyting snudde vi litt før. Likevel flott tur, med to timar knall sol midtvegs!
Kart: Øystre Slidre (1:50.000) v/ØS fjellstyre (ny utgåve 2015), eller turkart Beitostølen (1:50.000).
Oppmøte: kl 10 ved «Valdresflye 1389» på toppen av Flye.
Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 2. desember kl 22:00.
I flott lys og herleg kornsnø på Valdresflye i desember 2020 Foto: Tor Harald Skogheim