Onsdagssnerten: Kyrkjevegen Ulnes - Fodnes

Fellestur

Dato
21. juli kl. 18:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Onsdagssnerten
Arrangør
DNT Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 19. jul

Fødnesbygda sokna i gamal tid til kyrkja på Svenes. Kyrkjevegen frå Fødnes til Hilmeshaugen, fyrste garden i Ulnes, er framleis ein god turveg. Den årlege pilegrimsvandringa gjennom Valdres går her.

Denne turen startar frå Ulnes. I skogen er tidlegare dyrka mark frå husmannsplassen Kruk med hustuft og steingjerde til høgre. Vi følgjer stigen, opp og ned, men mest flatt bort gjennom lia. Stigen er tydeleg bygd opp som veg i trolsk skog. Medan du går her gjennom skogen, går tankane til folk som gjekk til kyrkje her i gode og tunge dager, mellom anna med kister. Glimt av utsikt over Strøndafjorden gir eit godt utsyn. Til slutt gjennom restane av ei gamal grind mot dyrka mark på Fødnesbergo. Vi tek same veg tilbake. 

For å kome fram til oppmøtestaden, ta E16 frå Fagernes og vestover til Ulnes, ca 10 km. Ta av til Fødnes og fv 2484 (Fødnesvegen). Etter ca 3 km passerer du garden Hilmeshaugen. Du kan parkere i vegkanten. Alternativt 150 m lenger opp langs vegen, eller 30 m inn langs traktorvei ved stistart.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 19. juli kl 20:00.

Onsdagssnerten: Kyrkjevegen Ulnes - Fodnes

Fødnesbygda sokna i gamal tid til kyrkja på Svenes. Kyrkjevegen frå Fødnes til Hilmeshaugen, fyrste garden i Ulnes, er framleis ein god turveg. Den årlege pilegrimsvandringa gjennom Valdres går her. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jahn Børe Jahnsen