Kom deg ut-dagen: Olefjellet – Kremtopp 2022

Fellestur

Dato
4. september kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Komdegutdagen, Kremtopp
Arrangør
DNT Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 2. sep

Herleg rundtur i snaufjellet, over Øysterliknappen, Olefjellet og Stryteberget, heile tida med vidt utsyn – ikkje minst mot Jotunheim-tindane.

Gå inn sidevegen t.v. ved Øysterli-stølen, og så på god sti ca. 10 min opp til Øysterliknappen (du ser hovedvarden tydeleg frå vegen). Vidare litt mot nordaust, til tydeleg sti som du fylgjer langs den vide ryggen mot NV, på vestsida av Ljøtebekken. Små vardar undervegs. Litt før høgste partiet på Olefjellet passerer vi stikkene til skiløypa Rød 3, og fortset opp på høgda rett imot (ikkje sti her). Nokre hundre meter mot vest er Kremtopp-punktet Olefjellet (1277 m). No utsyn også mot Vinstre.

Herfrå snur vi nasen rett austover, passerer søkket der skiløypa Rød 3 går, og finn tydeleg sti oppover mot Stryteberget (1310 m). Stien passerer rett på nordsida av høgste punkt her, men blir litt utydeleg på det flate partiet vidare sørover. Vi held litt ut mot kanten (mot vatnet Stryta), og snart blir stien tydelegare. Den fortset oppe på høgdedraget heilt til sørenden, der den går litt bratt ned mot ei einsleg hytte borte ved stølsvegen. Litt før hytta krysser ein grønmerka sti «vår» sti. Ta til høgre og følg denne ned att til stølsvegen rett før Øysterlie.l

Oppmøte: kl 10 sør i Skammestein, der «Vinstervegen» startar (sjå skilt). Kjører samla på stølsvegen til Øysterlie. Nokre parkeringslommer rett etter stølen, bl.a ved info.tavle for statsallmenningen.

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 2. september kl 22:00.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Tor Harald Skogheim