Dagstur Bukkehamaren og Kvassryggen (2071 m)

Fellestur

Dato
21. august kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
DNT Valdres
Turkode
Påmeldingsfrist 19. aug

Flott men noko krevjande rundtur til ein 2000-metertopp i utkanten av Gjende-alpane. Mykje stein/berg i høgste delen av turen, difor nødvendig med erfaring frå slikt - samt god form.

Frå fv. 51 på god sti inn mot Knutshøe, men vidare ned mot og over Leirungsåe på solid bru. Så nedover langs elva til sideelv frå Bukkehåmårtjønne, og på sti oppover langs sørsida av denne, nesten opp til tjønne. Kryss elva og ta opp den vide ryggen mot nord, der vide svaparti gjer det lett å gå. Ryggen smalnar av mot eit lite toppunkt rett før ei kløft med veldige stup ned mot Øvre Leirungen 800 høgdemeter nede. Dramatisk og spesielt utsyn, også mot Knutshøe. Lett vidare til Bukkehåmåren (1910 m), så litt ned og deretter slakt oppover til Kvassryggen (2071 m). Returen legg vi attende til punkt 1899 m, så bratt men greitt ned mot sør. Deretter på sørsida av Bukkehåmårtjønne bort til elva, og ned langs same rute vi gjekk opp.

Oppmøte: kl 10, ved parkeringa ved Vargbakken (nær Knutshøe)

Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 19. august kl 22:00.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Tor Harald Skogheim