6. november hadde Seniorgruppa sitt haustmøte

Foto: Ester Christensen

Det var 21 frammøtte medrekna turleiarane på haustmøtet som fant stad på Scandic Valdres (Fagernes hotell).

Program:

  1. Velkomsthelsing.
  2. Presentasjon av dei turane vi har gjennomført i 2018.

I alt 20 turar med 186 deltakarar i tillegg til turleiarane.  Ingen turar blei avlyst, men nokre blei flytta eller justerte på grunn av ver eller føreforhold. Det er gjennomført 3 skiturar, 2 sykkelturar og  15 fotturar. Olaug Tronsplass viste bilete frå alle turane, og turleiarane kommenterte dei.

  1. Kaffiøkt.
  2. Gjennomgang av turar i 2019.

Turleiarane fortalde om turar som er planlagde så langt.  Det endelege turprogrammet for DNT Valdres  blir fastsett seinare.

Det kom framlegg om å leggja ein sykkeltur til Stølsvidda og også å ha lettare skiskiturar i tillegg til dei turane som blei skissert. Turleiarane tar desse innspela med i arbeidet vidare.

  1. Esther Christensen viste bilete og fortalde frå turen sin på Grønland i sommar.  Det var interessant foredrag med flotte bilete frå eit land dei færaste av oss har opplevd. 

Til slutt minna vi om haustmøtet i DNT Valdres torsdag 15. november.


Bjørn Vegard Johnsen

Møteleiar og referent

Foto: Ester Christensen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 10. november 2018