Referat frå haustmøtet i Seniorgruppa

Foto: Olaug Kristine Tronsplass

Seniorgruppa hadde invitert til det årlege haustmøtet 22. oktober, og 16 ivrige turgåarar møtte fram på Fagernes hotell denne kvelden.

Først vart det orientert om arbeidet i seniorgruppa.

Så gjekk vi gjennom alle turane vi hadde gjennomført dette året:

  • 3 skiturar, 2 sykkelturar, 14 fotturar.
  • I alt gjennomførte vi 19 turar. Av dei var det ein 2-dagarstur i Aurlandsdalen og ein tre-dagars tur på Hardangervidda.
  • 155 personar med på turane i tillegg til turleiarane.
  • I gjennomsnitt var det 8 deltakarar pr. tur.
  • Vi måtte avlysa to skiturar på grunn av lite snø og ein fottur til Kalvedalen på grunn av anleggsarbeid på demningen der.

Deretter viste vi bilete frå turane. I pausen blei det servert kaffi og kaker, og praten gjekk livleg.

Til slutt orienterte vi om turplanane for 2020. Takk for gode tilbakemeldingar og forslag til neste år.

Takk til alle som møtte opp.


Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Fra en tur i sommer: Rast ved Russvatnet
Fra en tur i sommer: Rast ved Russvatnet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 25. oktober 2019