Dobbel feiring for DNT Valdres

Jubileumsvandringa starta frå Jaslangen i stille og strålande ver
Jubileumsvandringa starta frå Jaslangen i stille og strålande ver Foto: Jørgen Wangensteen

Søndag 26. september markerte DNT Valdres 10-årsjubileet sitt og samstundes offisiell opning av den eitt år nye gapahuken, som ligg ved Flikja på nordsida av Mosvatnet i Vestre Slidre.

I sol og fine haustfargar var bortimot 25 med på fotturen frå stølslaget Jaslangen til Flikja. Vel framme var det servering ved gapahuken, fyrst pølse med lompe, deretter marsipankake, kaffe og te.

Mange å takke

Styreleiar Merethe Lundene gratulerte med jubileet og fortalte litt om dei ulike aktivitetane i laget. Ho takka alle turleiarar og andre frivillige for stor og viktig innsats. Ein særskilt takk og gratulasjon retta ho til nestleiar Trond Vatn for initiativ og omfattande dugnadsarbeid med bygging av Flikja-Huken, som no endeleg kunne innviast på skikkeleg, coronatrygg måte.

Fred Kuyper overrekte eit sjølvlaga skilt med namnet Flikja-Huken, og fekk applaus og takk for gåva. Etter to trivelege timar ved gapahuken, som ligg nesten i kanten på Mosvatnet, gjekk turen attende til Jaslangen.

Trond Vatn og Merethe Lundene med skiltet som var gåve frå Fred Kuyper
Trond Vatn og Merethe Lundene med skiltet som var gåve frå Fred Kuyper Foto: Tor Harald Skogheim

Helgesamling og festmiddag

Arrangementet søndag var del av den årlege helgesamlinga for styret og turleiarar, som i år var lagt til Gomobu Fjellstue nær  Vaset. Laurdag var det oppsummering av turåret 2021 samt start på planlegging av tur- og aktivitetsprogrammet for 2022.

På kvelden var også andre frivillige dugnadshjelparar inviterte til å vera med på middagen, som synte seg å vera eit framifrå utval av ulike viltrettar!

Fra jubileumsmiddagen
Fra jubileumsmiddagen Foto: Merethe Lundene

VTFL vart til DNT

Det var i 2011 at DNT Valdres vart teke opp som den 57. medlemsforeininga i DNT, etter at årsmøtet i Valdres Tur- og Fjellsportlag hadde sagt ja til denne vrien. Morten Helgesen var fyrste leiar, så fylgde Mads Wangensten og Trond Vatn. Sidan 2016 har Merethe Lundene frå Sør-Aurdal vore leiar.

Dei siste åra har laget hatt 70 – 90 turar og aktivitetar på programmet kvart år. Flest fotturar, nokre med overnatting, men også skiturar, sykkelturar, yoga og padling – samt ulike kurs.

Stølsruta i Valdres

Gapahuken ved Flikja er ei av fleire overnattingsmulegheiter langs «Stølsruta i Valdres», ei av 14 historiske vandreruter i Norge. Prosjektet er eit samarbeid mellom Riksantikvaren og DNT sentralt.

«Stølsruta i Valdres» går frå Merket i Tisleidalen til Ellingbø Gard i Vang, er 70 kilometer lang, og godt merka med skilt. Turen kan til dømes delast opp i fem etappar, med ulike overnattingsmulegheiter undervegs. Planlegging og arbeid i marka har vore eit samarbeid mellom DNT Valdres og Valdres Natur- og Kulturpark, og gjort muleg gjennom stor dugnadsinnsats og velvillige grunneigarar.

Tekst: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 2. oktober 2021