5. juli var det luftig kveldstur til Bitihødn

På veg oppover til Bitihødn, rundt eit litt luftig hjørne
På veg oppover til Bitihødn, rundt eit litt luftig hjørne Foto: Tor Harald Skogheim

I alt 16 var med DNT Valdres på tur til Bitihødn torsdag kveld. turen gjekk opp den til dels bratte stigen frå Båtskaret, som få i fylgjet hadde gått før. Sjølv om det var 24 grader då vi starta klokka 18 gjorde ein ganske kraftig vind frå søraust sitt til at det ikkje vart så varmt i bakkane som vi hadde trudd.

Heile gjengen samla på toppen av Bitihødn
Heile gjengen samla på toppen av Bitihødn Foto: Tor Harald Skogheim

Bitihødn er også i år med i "kremtoppjakten" DNT har, og alle skreiv seg inn i boka på toppen, der det alt var 1177 namn hittil i år.

På turen ned att tok vi knapt halvveges av og fylgde stien som går på dei breie skråhylla innunder toppmassivet, Den går etter kvart skrå ned i sik-sak ved sida av steinurda og blokkene mot nordaust. Det er dette som er den eigentlege Tyskerstien, som har fått namn etter at tyske og austerrikske alpejegerar trena i fjella her sommaren 1942.

Til slutt skrådde vi bort mot vegen og bilane ved Båtskaret, der vi avrunda 5 minutt på "overtid", klokka 21.05 på kvelden.

​​​​​​​Referent og turleiar: Tor Harald Skogheim

På veg ned mo nordaust, på den eigentlige Tyskerstigen
På veg ned mo nordaust, på den eigentlige Tyskerstigen Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 10. juli 2018