19. juli var det tur til Bjørgovarden

Alle ved Bjørgovarden
Alle ved Bjørgovarden

12 deltakarar i tillegg til turleiaren møtte opp for å vera med på  turen til Bjørgovarden, ein av kremtoppane i år også.

For fleire var det første gongen dei var på denne fjelltoppen. Trass regn dagen før og skodde i dalføra om morgonen fekk vi ein fin og varm dag. Dei fleste møtte opp på Fagernes, ein i Aurdal.

Sjølve turen starta ved bommen ved Storstølen kl. 11.45. Der frå følgde vi grusvegen til litt forbi Venevatnet der hovudstigen byrja.  Vi har hatt ein tørr sommar så langt i år, så stigen var lett og god å gå. Turleiaren orienterte om stølar, fjell og vatn langs ruta, og dei meir lokalkjende av turdeltakarane skøytte til med opplysningar.

Rast på Kringlestølen
Rast på Kringlestølen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Første lengre pausen hadde vi på Kringlestølen. Den ligg idyllisk til før stigninga opp mot høgfjellet. Oppe over tregrensa er utsikten flott, men det var meir disig luft denne dagen enn dagane før.

Oppe på snaufjellet
Oppe på snaufjellet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vel framme på Bjørgovarden skreiv alle seg inn i boka før vi tok oss ein lang og god matpause og nytte utsikten.

Turen tilbake følgde vi den same stigen som på turen fram. Turen blei gjennomført etter planen og utan uhell av noko slag. Vi var tilbake til bilane ca. kl. 16.

Takk til alle turdeltakarane for ein triveleg tur!

Turleiar, forteljar og referent: Bjørn Vegard Johnsen

Vi skriv oss inn i boka
Vi skriv oss inn i boka Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 23. juli 2018