14. august hadde Seniorgruppa sykkeltur til Haldorbu

Mellom Haldorbu og Kvitfeten
Mellom Haldorbu og Kvitfeten Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Det vart ein triveleg sykkeltur til DNT-hytta Haldorbu. Vi var sju syklistar inkludert turleiaren. Fem av dei møtte på Fagernes. Den sjette valde å sykla heimanfrå og møtte oss ved Sørre Trollåsen der sjølve sykkelturen starta. 

Frå startpunktet følgde vi vegen til stølslaget Etnstølen. Her frå  gjekk turen på bomveg til Kvitfeten. Siste stykket fram til Haldorbu sykla vi på dårleg traktorveg.

Turen frå Sørre Trollåsen går over høgda og ned til elva Etna. Etnstølen ligg i lia litt ovanfor elva i eit idyllisk dalføre. Vegen vidare er stengt med bom i beitesesongen og opnar ikkje for fri ferdsel før etter 25. september, står det å lesa på eit opplag. Etter å ha sykla gjennom bjørkeskog eit par km. opnar landskapet seg mot vide myrområde med markerte fjell bak: Skaget, Marsteinshøgda, Sørre og Nordre Langsua for å nemna dei mest dominerande. Lengre bak i vest skimtar du også Bitihorn og andre fjell ved Bygdin.

Rast ved Kvitfeten
Rast ved Kvitfeten Foto: Bjørn Vegard Johnsen

På Kvitfeten hadde vi ein lengre matpause. Her er det store sankekveer for dyra som har gått på beite i Haldorbuhamnen om sommaren før den siste transporten heim.

Turen vidare fram til Haldorbu er meir utfordrande sidan den går på ein steinete og dårleg traktorveg.  Men vi hadde gode syklar og kom både fram og tilbake utan skadar av noko slag. Siste bakkane opp mot DNT-hytta er så steinete at dei fleste let syklane stå att og gjekk dei siste par hundre metrane opp til hytta.

Framme på Haldorbu
Framme på Haldorbu Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Frå Haldorbu går det t-merkte stigar til andre DNT-hytter i området:  Liomseter, Skriorusten, Storkvelvbu og Storhøliseter med stig vidare til Oskampen, Sikkilsdalen og Gjendesheim.

Veret var til dels overskya og litt kaldt då turen starta.  Etter kvart sprakk skydekket og sola titta fram. Ved Haldorbu var det godt og varmt å sitja ute i solveggen med nistematen.  Det gode veret heldt seg på turen tilbake til bilane. Vi kom fram utan uhell av noko slag.

Turen vår gjekk gjennom Haldorbu landskapsvernområdet som grensar inn mot Langsua nasjonalpark. Under vegs blei det informert om elvar, fjell, hytter, buer og turstigar i området

Turleiar og referent: Bjørn Vegard Johnsen

Matpause på Haldorbu
Matpause på Haldorbu Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 15. august 2018