19. august var det en herleg dag på Knutshøe

På heimveg, med Surtningssue (t.v.) og Besshøe ruvande bak toppen av Knutshøe
På heimveg, med Surtningssue (t.v.) og Besshøe ruvande bak toppen av Knutshøe Foto: Tor Harald Skogheim

Betre vêr enn venta bidrog til ein ekstra triveleg tur denne søndagen til toppen på Knutshøe. Denne spanande fjellryggen ligg litt nord for Valdresflye, så vidt inne i Vågå kommune, og er blitt eit stadig meir populært turmål. Det merka vi alt då vi skulle parkere!

I alt 15 var med på fellesturen, med alder frå rundt 20 til over 70 år. Og vi var nesten ei litt internasjonal gruppe, med deltakarar med opphav både frå Sverige, Nederland og Canada i tillegg til ein god gjeng frå ulike delar av Valdres.

Den bratte oppgangen til sjølve ryggen, etter ein snau halvtime gåing, baud på utfordring for enkelte, for det var litt vått og glatt etter regnet dagen før. Men med hjelp frå tre assisterande turleiarar kom alle seg greitt opp, sjølv om det tok noko tid sidan vi er så mange. I tillegg hjalp vi opp tre andre vel vaksne turgårarar som var i ferd med å snu fordi dei følte dette vart for vanskeleg. Dette hadde vi ikkje gjort dersom ikkje underteikna visste om ein langt enklare stad å kome seg ned att frå ryggen på heimvegen, og som vi fortalte om og viste dei tre.

Det er heilt tydeleg nødvendig å minne om at droner ikkje er lov i nasjonalparken, dei høyrer ikkje heime på fjellturar elles heller
Det er heilt tydeleg nødvendig å minne om at droner ikkje er lov i nasjonalparken, dei høyrer ikkje heime på fjellturar elles heller Foto: Tor Harald Skogheim

Turen vår gjekk fint, med stadig betre utsyn til alle kantar. Toppen på Surtningssue og Besshøe låg skyfrie, men vidare innover i Jotunheimen var det litt grått. Einaste irritasjonsmomentet denne dagen var tre unggutar med ei drone som surra iltert over hovuda på oss eit par gonger, men dei orka heldigvis ikkje å gå så langt innover.  Ved grensa for nasjonalparken var det sett  opp skilt om forbod mot droner. Tydelegvis heilt nødvendig, men trist at ikkje folk sjølve forstår at andre ikkje er interesserte i å slikt bråk når dei er på fjelltur.

I fint driv, med Nedre Leirungen og Sjodalen i bakgrunnen
I fint driv, med Nedre Leirungen og Sjodalen i bakgrunnen Foto: Tor Harald Skogheim

Undervegs - og ikkje minst på toppen - vart det fotografert i alle retningar før vi ga oss i veg på heimtur. Trivelege matpausar i lyngen, i god sol - og prat undervegs, er også viktige ingrediensar i ein fellestur. Og med den "hemmelege" nedgangen mot stien i Nedre Leirungsdalen slapp vi unna det bratte punktet på enden av ryggen. Resten av turen opp til vegen att gjekk også som ein røyk, så det var ein veldig nøgd gjeng som skildest og drog kvar til sitt.

​​​​​​​Referent og turleiar: Tor Harald Skogheim

Nøgde turdeltakarar, vel tilbake ved vegen og bilane
Nøgde turdeltakarar, vel tilbake ved vegen og bilane Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 22. august 2018