2. september var det fellestur til Kvednahøe nord for Vinstervatnet

Mot Urektjednet, Langeråk og Gluptindane (t.v.) - og Kalvehøgdene/Rasletinden
Mot Urektjednet, Langeråk og Gluptindane (t.v.) - og Kalvehøgdene/Rasletinden Foto: Tor Harald Skogheim

Det var med i alt sju deltakarar på denne vandreturen med historisk ramme. Start var frå Haugseter Fjellstue, etter fyrst å ha fortalt litt om turisthistoria på staden, som går heilt attende til 1879.

Etter ein kilometer austover langs stølsvegen tok vi oppover langs Liåne, på god, merka sti. Då brattaste bakkane var forserte vart det matpause, med orientering om dei arkeologiske utgravingane nede ved vatnet, som har avdekt minst 12 buplassar som er opptil 8500 år gamle. Under ei omvising i 2014 viste arkeologane blant anna fram ei steinøks som truleg er 5000 år gamal samt andre gjenstandar frå ei typisk jegergrav, I alt 2000 små og store funn er registrerte her ved Mørstadstølen.

Turen vidare oppover gjekk tett forbi ei rekkje med rundt ti fangstgraver for rein, ein fangstmåte som også går langt attende i tid.

Ved ei av fangstgravene for rein oppunder foten av Gråhøe
Ved ei av fangstgravene for rein oppunder foten av Gråhøe Foto: Tor Harald Skogheim

Etter sol i starten var det no blitt skya. Oppe på bandet mellom Gråhøe og Kvednahøe fekk vi likevel noko utsyn mot nord og vest, men skyer dekte tindane. Etter eit kort stykke med mykje stein opp til toppen av Kvednahøe vart det betre underlag utover att mot Urektjednet, med grasbakke. Skydekket letta, det vart blå himmel og utsyn mot tindane vest for Valdresflye. No kom også fem reinsdyr og viste seg fram, noko ikkje minst dei to deltakarane frå Danmark sette stor pris på. Nede på flata kunne vi fylgje god, merka sti ned att til Urek og Haugseter. Turen tok i overkant av fem timar, to matpausar medrekna.

Referent og turleiar: Tor Harald Skogheim

Triveleg med besøk av rein
Triveleg med besøk av rein Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 20. september 2018