1. mars hadde Seniorgruppa ein vellykka fjellskitur til Skardåsen

På veg opp Skardåsen.
På veg opp Skardåsen. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skardåsen har mange idyllar vi ikkje ser frå dei faste skiløypene. Her er tett skog og snaufjell, større og mindre tjern, myrar, slake høgder og loddrette stup, lette bakkar og tøffe motar. Det meste av dette fekk dei to påmelde deltakarane og dei to turleiarane til fulle oppleva på seniorturen til DNT Valdres fredag 1. mars då også veret viste seg frå si aller beste side. Etter ein lang mildversperiode var vi spent på korleis snøforholda ville vera no. Kulden dei siste nettene hadde gjort snøen akkurat så fast at det gjekk fint å gå på fjellski over alt.

Tallause skiløparar går i dei flotte skiløypene i Skardåsen kvar vinter, men svært få ferdast utanfor løypene. Vi sa fleire gonger på turen at det var synd at ikkje fleire fekk med seg denne gode opplevinga.

Turen starta i Valdres skianlegg i Skrautvål. Vi følgde skitraseen opp til myrane ovanfor Stavelie. Der frå gjekk vi for det meste utanfor oppkøyrde ski- og hundeløyper til vi starta heimturen.

Rast ved Kvehaugløo.
Rast ved Kvehaugløo. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Første matstopp var ved Kvehaugløo. Der frå gjekk vi nordvestover myrane med Skarvemellen i sikte. Etter kvart bar det oppover i slake glenner i skogen til vi kom opp på sjølve flatåsen etter å ha passert heimåsgjerdet. Her oppe i ca. 1000 meters høgde fekk vi eit praktfullt utsyn i den klare lufta vestover mot kjende toppar i Vestre Slidre og Vang. Så følgde vi dei låge høgdedraga austover og kryssa etter ei stund Danebuløypa der den kjem opp frå Juvike og gjekk rett mot Ørmshøvd der vi hadde hovudrasten vår. I motsetnad til tidlegare på turen var det svært lite snø her med nakne rabbar og knallhard skare. Her fann vi ein triveleg raste- og bålplass.  I ly for ein sur trekk blei det ein lang rast med kaffi, niste og pølser steikte i steikepanne direkte på bålet.

I det flotte veret hadde vi brukt god tid på turen til no og bestemte oss for å følgja skiløypa ned att til skisenteret. I terrenget bort mot skiløypa fekk såg vi ein stor flokk ryper, og ein hare dukka også opp. Vi fekk utsikt mot Skaget og Nørre og Sørre Langsua. I fellesskap og med god kikkert greidde vi å kjenna att andre fjelltoppar lengre borte. Så bar det nedover via Knaltreset der vi studerte opplaget om flysleppet under krigen og tok dei siste bakkane ned til skisenteret via Nystøl.

På grunn av det fine veret og gode skiføret brukte vi heile dagen på turen og var tilbake ved bilane i halvfemtida etter ein triveleg og vellukka tur.

Takk til deltakarane for ein triveleg og velukka tur.


Turleiar og referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiar: Ester Christensen

Matstopp ved Ørmshøvd.
Matstopp ved Ørmshøvd. Foto: Jonas Lunde

Skrevet av Jørgen Wangensteen 3. mars 2019