22. mai hadde Barnas Turlag kveldsmattur til Køltjern

Kveldsmattur ved Køltjern.
Kveldsmattur ved Køltjern. Foto: Gunhild Rogstad Storsæter

8 barn og 7 vaksne trossa ustabilt bygevær og tok turen til Køltjern for grilling denne onsdagkvelden.

Vi kom oss fram til gapahuken rett før ei byge kom, og det smakte godt med grillmat og kjeks etter mange bakkar fram til turmålet. Dei eldste ungane fekk ein lett og fin tur heim med syklar.

Takk for ein koselig ettermiddagstur til alle som var med 😊

Referent og turleiar: Gunhild Rogstad Storsæter

Fin stemning ved Køltjern.
Fin stemning ved Køltjern. Foto: Gunhild Rogstad Storsæter

Skrevet av Jørgen Wangensteen 22. mai 2019