21. mai hadde Seniorgruppa en kulturhistorisk sykkeltur

Stopp i Aurdal.
Stopp i Aurdal. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiaren, og sikkert andre også, var svært spente på veret og om det kom nokon som ville vera med på tur langs Valdresbanevegen denne tysdagen i mai. Det regna nemleg godt om natta og om morgonen. Stor var gleda då 14 ivrige syklistar møtte fram på museet på Fagernes og ein på Leira. Og det utrulege hende, skyene blei etter kvart borte, og det meste av turen hadde vi fint og varmt ver.

Turen gjekk for det aller meste på Valdresbanevegen, den gamle jernbanetraseen. Under vegs blei det mange stopp der deltakarane blei kjende med ein del av kulturhistoria langs ruta. For fleire blei dette ei oppfrisking av gammal kunnskap, og fleire supplerte det turleiaren fortalde.

Ved Frydenlund.
Ved Frydenlund. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

På dei ulike stoppestadene tok vi for oss kulturhistoria frå tidlegare tider til fram mot vår tid.

Emna vi tok opp var desse:

  • på Fagernes: museet, Jørn Hilme, det første Hilmestemnet, målaren Ralph Styker, Margit Sandemo og om kyrkje og kristenliv
  • på Leira: skulane på Leira og Fagernes og om lokale forfattarar
  • på Onstadmarken: Jul Haganæs og Knut Hamsun
  • ved Frikarsmia: middelskulen / realskulen, føste gymnasklassa og barneskulane Storengen skule og Aurdal skule
  • ved Aurdal kyrkje: Aurdal kyrkje, val av utsendningar til nasjonalforsamlinga på Eidsvoll i 1814, om kyrkja på Revling som blei riven i 1536 og om prestekonene Amalie Sophie Bekkevold (først gift med Henrik Wergeland) og Hannna Winsnes (ho med den berømte kokeboka frå 1845)

På Frydenlund hadde vi ein lang stopp. Ein av turdeltakarane, Odd Sagbråten, er medlem i styret for stiftinga Frydenlund. Han fortalde om skysstasjonen og om berømte gjester som har budd der, m.a. Ivar Aasen, Edvard Grieg, Bjørnstierne Bjørnson, Ludvig Mathias Lindemann og ikkje minst om Knut Hamsun som budde her over lengre tid ved fleire høve og skreiv nokre av bøkene sine her.  Odd Sagbråten nemnde også spelemennene Ola Moe og Ulrik i Jensestogo.

Etter ei god matøkt med medbrakt niste og hyggeleg prat, blei vi vist rundt i bygget.

Turen gjekk så vidare sørover til Jensestogo der spelemannen Ulrik budde. Her framførte ein annan av deltakarane, Torodd Lybeck, eit stev etter den berømte spelemannen.

Torodd Lybeck framførte eit stev.
Torodd Lybeck framførte eit stev. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Før vi starta turen frå Fagernes, hadde vi bestilt vaflar og kaffi på Noraker på tilbaketuren. For å få rikeleg tid der valde dei fleste å enda turen her ved Jensestogo. Nokre få sykla vidare til Bjørgo stasjon som eigentleg var målet for turen. På Noraker sat vi ute på terrassen i det varme og fine veret og nytte kaffi, nydelege vaflar og den storslagne utsikta.

Kaffi og vaflar på Noraker.
Kaffi og vaflar på Noraker. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Så sykla vi tilbake mot Fagernes.  Nokre avslutta turen på Leira, nokre sykla heim frå Shell og resten sykla tilbake til bilane ved museet etter ein ca. 30 km langtur.

Tusen takk til deltakarane for ein triveleg tur og til dei som bidrog med omvising, song og historier under vegs.

Turleiar, forteljar og referent: Bjørn Vegard Johnsen

Tilbake på Leira.
Tilbake på Leira. Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 24. mai 2019