18. juni hadde Seniorgruppa kveldstur til Køltjern

Vi var 15 som vart med og gå fra Bedehuset i Ranheimsbygda. Turen gjekk på sti og så på gardsvei, før vi gjekk over på sti, eller gamel stølsvei oppover fra bygda. Her er det hogget, så det er ei flott utsikt ned til Fagernes og Strandafjorden.

Vi tok ein del pauser for å nyte utsikten. Vi stoppet ved ei kølgrop som ligg like ved stien, så her har det vert folk før oss. Snart var vi oppe, no hadde vi fint og lett terreng frem til Gapahuken.

Med på turen var også ei sprek jente på 10 år. Ved gapahuken var det kommen ei med barnevogn og ei liten jente på 3 mnd. Så med Seniorgruppa kan alle vera med. Vi tente opp bål, noen hadde med pølser så dei som hadde lyst fikk smake. Med fin kveldssol vart det ei fin matpause. Turen tilbake gikk på vei og sti om Kvendnatjern og alle skreiv i boka der. Så tilbake til bilene. Vi gikk mest på dei oppmerka stiene. Det eneste som skapte problem var myggen. Takk til alle som var med på turen.
Referent og turleder: Kari Borgny Fjelltun
