15. august hadde Seniorgruppa ein flott sykkeltur på Stølsvidda

DNT-hytta Tyrisholt
DNT-hytta Tyrisholt Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Denne turen var planlagt og annonsert til laurdag 17. august, men vermeldinga lova mykje regn denne dagen. Difor blei turen flytta fram til torsdag 15. august. (Vermeldninga fekk rett. Laurdag ausa regnet ned.) Torsdagen kom med strålande sol og god sikt. Dette heldt seg heile dagen.

Ein ivrig syklist stilte opp på Fagenes, og saman fekk vi ein flott tur i det fine veret.

Vi parkerte på stølsgrenda Fløten som ligg ved Tisleivegen. Der frå sykla vi gjennom Furuset til Langestålen. Denne delen av turen er etter måten flat. Frå Langestølen sykla vi opp til stølsgrenda Tyrisholt. Vegen her er bratt det første stykket før den flatar ut og går i ein svak stigning ved Tyrisholt. Her har DNT Valdres si første hytte. Den er ubetent og ligg vakkert til inne på eit stølstun.  Då vi kom, hadde eigaren, Bjørg Rye, sett fram nysteikte lappar, syltetøy og sjølvlaga rømme til oss. I det fine veret sette vi oss ut på «låvebrua» og retteleg nytte livet. Tyrisholt ligg ved DNT-stigen «Stølsruta» som DNT Valdres har rydda og merkt. Diverre har det ikkje vore så mange turvandrarar innom, men det vil venteleg retta seg når ruta blir betre kjent.

Rast ved Tyrisholt
Rast ved Tyrisholt Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Etter rasten på Tyrisholt sykla vi vidare i slak stigning til Brattåsen. Under vegs stoppa vi og nytte den storslagne utsikten, studerte kartet og fortalde om andre turar vi hadde vore på.

Frå Brattåsen kan ein sykla over fjellet mot Gomobu og Vaset.  Men vi trilla i lange slake utforbakkar ned til stølsgrenda Gaukelii. Her blei det ein ny pause. I det fine veret måtte vi berre nyta utsikten og studera kartet nok ein gong.

Siste etappe på turen gjekk ned til Furuset og tilbake til Fløten. Vi kunne ha tatt av mot venstre oppe på eit høgdedrag rett før Furuset og komme ned til Fløten den leia. Men denne vegen er ein gammal kjerreveg, ikkje bilveg slik det er merkt på kartet. Etter mange regnvåte dagar, valde vi å sykla ned til Furuset.

Området her er eit eldorado for dei som likar å sykla utanfor allfarveg, og om sommaren er det svært mange som syklar her. Her er det mange stølsvegar, noko for ein kvar smak for å seia det slik. På turen vår møtte vi fleire som nytta den fine dagen på sykkelsetet.

Vi som var med på denne turen, oppfordrar andre til å ta denne turen på eiga hand. Den kan også takast i motsett retning av den vi tok, men då får ein lengre motbakkar. 

Takk til Ragnhild Sæther som blei med på turen. Stor takk også til Bjørg Rye for framifrå servering.


Referent og turleiar: Bjørn Vegard Johnsen

Rast ved Gauklii
Rast ved Gauklii Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 18. august 2019