27. august hadde Seniorgruppa fottur Bessheim – Bessvatnet – Russvatnet

Rast ved Russvatnet
Rast ved Russvatnet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Det er alltid spanande om veret er bra når vi skal gjennomføra ein tur som er planlagt lenge på førehand. Denne gongen var vervarselet godt fleire dagar føreåt, og vi håpa det beste. Turdagen kom med fint ver sett frå Øystre Slidre, men med skodde over fjella i nord. Oppe på Valdresfye låg skodda tett, men på nordsida var himmelen skyfri.  Turleiarane pusta letta ut og slapp å bruka plan B for turen.

Etter samkøyring frå Fagernes og Beitostølen, var alle dei ti påmelde deltakarane og dei to turleiarane klare til å starta turen frå Bessheim fjellstove i ellevetida. Dei fleste turdeltakarane var sjølvsagt norske, men vi hadde også med ein frå Sverige og to frå Tyskland.

I det varme veret hadde vi hyppige pausar i dei bratte bakkane i starten. Vel oppe på fjellkanten ovanfor vassinntaket til fjellstova hadde vi ein god pause der turleiar fortalde om fjellstova, om stølane i Sjodalen, og framfor alt om vinterstølinga som i eldre tid gjekk føre seg frå november til ut i februar.  Det var langt til bygds frå stølane, og lettare å ta buskapen med til stølen enn å frakta tørrhøyet den lange vegen til gards.

Etter kvart flatar terrenget litt ut og stigen går langs elva Bessa med sine mange fine fossar. Vi følgde for det meste den t-merkte stigen mot Glitterheim, men oppe i første stikrysset tok vi til venstre mot Besseggen.  Vel framme ved Bessvatnet hadde vi den første matpausen.  Besshø spegla seg i vatnet, og vi verkeleg nytte veret og den storslegne utsikten.

Bessvatnet og Besshø
Bessvatnet og Besshø Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Etter velfortent mat gjekk vi på skrå austover til vi kom inn på den t-merkte stigen att. Her frå og fram til kanten til nedstigninga til Russvatnet er terrenget heller flatt og lettgått.

Allereie i oppstigninga frå Bessheim, fekk vi sjå tamrein. Etter kvart som vi nærma oss Russvatnet, blei det fleire av dei, men ikkje i flokkar, berre ein og ein for det meste. Nokre var ikkje redde, og vi kom tett inn på dei.

Reinsbukk
Reinsbukk Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Der terrenget hallar ned mot Russdalen, nytte vi det storslagne utsynet, og turleiar fortalde om dalen og om fleire fine turar i Sjodalen, m.a. Huldrestigen og området rundt Veogjelet.

Bortsett frå ei kort og bratt kneik var stigen lettgått fram ned mot Russvatnet. Der fann vi raskt ei lun vik der vi hadde ein lang matpause. Her nede er det utsikt mot tindane ved Veobreane, Surtningshue og Nautgardstinden. Med sol frå ein nære på skyfri himmel blei det ei uforgløymeleg stund. Dei fleste i turfølgjet hadde ikkje vore her før og sa det var ei stor oppleving.

Landskap ved Russvatnet
Landskap ved Russvatnet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Turen tilbake var lettare å gå enn turen fram. No var vi ikkje bortom Bessvatnet, men gjekk strake vegen tilbake over fjellet. Ved siste stikrysset nytte vi utsikten mot Sikkilsdalen og fjella rundt. Turleiar orienterte om hestehamnane der og om turar i det området.

Etter om lag seks timar og ca. 15 km i strålande sol var vi tilbake på Bessheim utan uhell av noko slag. Tusen takk til turdeltakarane for triveleg samver på turen

Referent og turleiar: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiar: Beate Sunde Knutsen

Nøgde turdeltakarar
Nøgde turdeltakarar Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 2. september 2019