1.september var det rundtur over Skaget, utan ein regndråpe

På god sti oppover mot Skaget (t.v.), med formasjonen Nasen t.h.
På god sti oppover mot Skaget (t.v.), med formasjonen Nasen t.h. Foto: Tor Harald Skogheim

La ikkje meldingane på yr.no styre turplanane dine! Det er moralen etter ein triveleg fellestur til Skaget, på ein godvêrsdag mellom regndagane.

Tre dagar før turen var varselet så dårleg, med mykje regn, at eg som turleiar varsla dei seks påmelde om at turen høgst sannsynleg ville bli avlyst. Regnvått berg og steinur, og null utsyn, ville vera både utrygt og lite triveleg elles. Så seint som laurdag, dagen før turen, var det særs lite håp. Men nokre ville svært gjerne ta turen, så vi vart samde om å vente i det lengste med avlysing.

Tidleg søndag morgon var det nokre få regndråpar, og lågt skydekke, men no var varselet heilt snudd, til sol og opphald heile dagen. Det var ingen tvil, det vart tur!

To hadde trekt seg, så vi var fem tobeinte og ein firbeint som starta på stien frå Storeskag. Kjølig i lufta, og litt vind, men med god sol i ryggen og 550 høgdemeter framfor oss var det heilt greitt.

Vi følgde tydeleg sti heilt innunder foten av fjellet, og til forbi brattstupa frå toppen. Her vart det god matpause før vi held fram oppover langs litt meir utydeleg sti, men med mange små vardar, opp mot vestryggen. Utsyn mot tindane vest for Valdresflye fekk vi tidleg, og vi ringa oss opp mot toppvarden der vi skreiv oss inn i boka for Kremtoppjakten som DNT Valdres har. Og så kunne vi nyte utsynet over vide vidder og mot høge tindar, både i Jotunheimen og i Rondane.

Vel nede i urda, og klare for ein avstikkar bort mot Nasen
Vel nede i urda, og klare for ein avstikkar bort mot Nasen Foto: Tor Harald Skogheim

Heimturen gjekk vidare austover, ikkje heilt oppe på toppryggen, men på ei brei hylleformasjon litt på framsida av nokre bratte stup. Etter kvart nedover i noko steinur, langs midtruta til toppen. Halvveges nede svingte vi austover att, på gras- og lyngbakke, bort mot fjellformasjonen med det betegnande namnet Nasen.

Herifrå er det flott utsyn ned mot Skagstjedna, mot dei to Langsuene, og vidare innover i Langsua nasjonalpark. Frå toppen av Nasen skrådde vi bort til det som på kart er avmerkt som hovedruta mot Skaget, og følgde denne på god sti heilt ned att til Storeskag.

Det er kanskje unødig å seie at det var ein særs nøgd gjeng, turleiaren medrekna, som sette seg i bilane.


Referent og turleiar: Tor Harald Skogheim

På Nasen, mot Skagstjedna
På Nasen, mot Skagstjedna Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 4. september 2019