8. september var det tur til Svarteknippa i sol og vindstille

Varselet var bra og vêret inn mot helga stabilt godt, likevel vart berre 3 godt vaksne damer (og ein hund) med på tur.
Vi kjørte i ein bil inn bomvegen til Hødnstølen innunder foten av Bitihødn, og gjekk på god sti opp bakkane opp mot Velumskardet. Undervegs var det stopp ved det såkalla Tyskerbordet, og ein liten historietime om hendingane her i 1942.
Oppe i skaret dukka dei høge tindane opp i nord, med fint melisdryss av snø. Her vart det matpause samt kikk på dei fire reinsgravene og kort forteljing om denne eldgamle fangstmåten.
Turen vidare gjekk opp på og vestover Skyrifjellet, for det meste på lyng- og grasbakke. Varden på Svarteknippa såg fjern ut, men siste stykket gjekk overraskande snøgt.
Utsynet herifrå er utruleg flott, mot Olefjorden, mot tindane nord for fjellsjøen Bygdin, og vestover mot Falketind, Uranostind og Hurrungane.

Vi gjekk same veg tilbake, eit stykke, men klauv så ned ei trong, bratt renne. Litt skepsis gjekk over, og alle tre damene (og hunden) kom seg greitt ned - med ei hjelpande hand nokre stader.
Siste del av turen gjekk forbi det idylliske Kvetjednet og vidare ned att til Hødnstølen, med nokre korte stopp ved fristande blåbærtuer.
Referent og turleiar: Tor Harald Skogheim
