7. mars hadde Seniorgruppa skitur i Saurrunden

Rast på Kjølafjellet
Rast på Kjølafjellet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Området rundt Saursvatna er ei perle for skiturar, og det er difor trivelegast å gjennomføra turar hit i godt ver.  Vervarselet for dei to oppsette turdagane var svært dårleg. Men då det laurdag 7. mars skulle bli flott ver, knallføre og nyoppkøyrde løyper, bestemte vi oss for å gjennomføra turen då.   

Utsikt mot Skaget
Utsikt mot Skaget Foto: Bjørn Vegard Johnsen

No skuffa veret ikkje, og 6 deltakarar, 2 turleiarar og 1 hund starta turen frå Reina like ved stølslaget Lie i Øystre Slidre. Under vegs slutta 2 andre deltakarar seg til oss. Vi var difor i alt 10 turglade menneske og ein hund som gjenomførte turen. Nokre opplevde Saur for første gong. Under vegs hadde vi mange stopp der vi fortalde om naturen og om dramatiske hendingar under siste verdskrigen.

Rast nær Tansberg
Rast nær Tansberg Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Turen gjekk frå Reina, over Liaåsen mot stølslaget Tansberg. Eit stykke før Tansberg tok vi av nordover høgda mot Saur. Her oppe nytte vi usikta mot fjella Skaget, Buatinden, Marsteinshøgda og Sørre og Nørre Langsua. Nede ved vatnet Kjølen hadde vi ein lengre rast i gapahuken der. Så bar det vidare opp på Kjølafjellet. Her er utsikta mot nord og vest utruleg fin med toppar i Jotunheimen som høgdepunkt.  Her på Kjølafjellet var det ein sur og kald trekk, men vi hadde snart ein lang unnabakke tilbake til Liaåsen. Der frå gjekk det friskt ned att til parkeringsplassen. Her fortale vi om framtidige turar. Vi hadde ingen uhell på turen og fekk gode tilbakemeldingar.

Tusen takk til deltakarane for triveleg tur saman.

Turleiar, forteljar og referent: Bjørn Vegard Johnsen     

Turleiar: Ester Christensen

Utsikt mot Jotunheimen
Utsikt mot Jotunheimen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 10. mars 2020