16. juni hadde Seniorgruppa tur i Skrautvål Heimås

Foto: Kari Borgny Fjelltun

Det var 12 stykker som møtte ved Skrautvål Barnehage og ville være med på tur i varmt summarvær.

Vi kjørte opp til Bondli, og parkerte hos Grete Jorun Gilen Engen, som var kjentdama vår. Vi gjekk etter vegen eit stykke og så over på Kassetvegen (navn på ein heimstøl). Her hadde vi utsikt over bygda og Fodnesåsen og videre innover vestfjellet.

Det var jevn stigning oppover. Med flere drikkepauser på turen forbi heimstølane, Kølaset, Dalastøle, Veitemyr og til Høldalstølen. Det var fine grønne jorder og sau som beita som vi gjekk forbi.

Foto: Olaug Kristine Tronsplass

Kalvedalslinja passerte vi også. Frå Høldalstølen gjekk vi på stig ned til Meisdalstølen. Her har det blitt hogge så det vart flott utsikt mot Østre Slidre, Jotunheimen og vestfjellet.

Her vart det kaffepause, men med tordenbyger og regn som virka langt borte. Regnet fikk vi når vi kom og skulle ned forbi Gila, eige bruk frå 1600 tallet. Her gjekk vi vegen dei brukte ned til bygda. Det var ein blaut, men godt fornøyd gjeng som tok raskt avskjed med kvarandre.

Foto: Olaug Kristine Tronsplass

Vi bruke ca 3 timer på runda, vi var oppe på ca 900 moh og gjekk ca 270 hm. Det var godt merka og tavler undervegs. Stor takk til Grete Jorun. Takk for hyggeleg tur.

Referent og turleder: Kari Borgny Fjelltun

Foto: Kari Borgny Fjelltun

Skrevet av Jørgen Wangensteen 27. juni 2020