7. juli hadde Seniorgruppa stølsvandring på Aurdalsåsen

På Øvre Storstølen
På Øvre Storstølen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Det vart ein triveleg stølsvandring i sludd og regn frå Storstølen til Ølslykkja i Aurdalsåsen.

10 personar hadde meldt seg på stølsvandringa. To kom heile vegen frå Tønsberg. Trass mykje regn dei siste dagane og dårleg vermelding på turdagen, møtte alle opp i tillegg til to turleiarar, ein hund og Tove Skjeldstad og Odd Sagbråten som var med som kjentfolk.

Turen starta med tett regn som etter kvart gjekk over i sludd som la seg på bakken. Vi var inne på å vurdera å leggja om turen dersom veret blei verre, men slapp heldigvis det. Føste stopp var Øvre Storstølen. Neste stopp var  Storstølsknatten (1124 m.o.h.) Her frå følgde vi fjellryggen sørover. Her er stigen tydeleg og lett å gå.  Ned til Ølslykkja er stigen lite tydeleg i starten, og i det våte og noko bratte lendet var det til tider glatt å gå.

I sludd ovom Ividalen
I sludd ovom Ividalen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vel nede på Ølslykkja blei vi tatt vel imot av eigaren av stølen. Her hadde vi ein lang og god matpause. Ølslykkja ligg idyllisk til i austhellinga av åsen og er vel vert eit besøk.

Tove Skjelstad og Odd Sagbråten har skrive boka «Til støls i Aurdalsåsen. En historisk vandring». Dei har også arrangert mange stølsvandringar i åsen.

Tove orienterte om stølen Ølslykkja og eigedomsforholda der fram gjennom tidene. Ølslykkja var i si tid støl under prestegarden i Aurdal, men er i dag i privat eige. Turleiaren fortalde om to av dei mest kjende prestekonene i Aurdal; Hanna Winsnes, ho med kokeboka, og Amalie Sophie Bekkevold, først gift med Henrik Wergeland, så med presten Bjørn. Vi reknar med at begge desse prestekonene har vore på Ølslykkja.  

Ølslykkja
Ølslykkja Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vi gjekk same vegen tilbake og avslutta turen med å orientera om framtidige turar, både i DNT Valdres og med stølsvandring. Ein av turdeltakarane er Oslo-guide. Ho fortalde om turar ho arrangerer. Før vi kom fram til bilane, hølja regnet ned.

Turen vår gjekk i eit lettgått terreng. I fint ver er det framifrå utsikt. Det er mange stigar i området og vel verdt ein tur eller fleire.

Hjarteleg takk til Tove Skjelstad og Odd Sagbråten for godt samarbeid om planlegging av turen og grundig og interessant informasjon under vegs.

Også takk til turdeltakarane for trivleg samver.

Turleiar og referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiar: Ester Christensen

Samling på Ølslykkja
Samling på Ølslykkja Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 12. juli 2020