14. juli hadde Seniorgruppa sykkeltur i Sørre Etnedal

Ved Kleigardsbrue
Ved Kleigardsbrue Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Det vart ein lærerik og hyggleg sykkeltur. Trass svært dårlege vermeldingar og mykje regn frå morgonen, melde ingen av dei 10 påmelde forfall til sykketuren i sørre delen av Etnedal denne tysdagen.

Saman med 2 turleiarar og kjentmann Torodd Lybeck gjekk turen frå forsamlingslokalet Skogtun like sør for Bruflat på grusveg på austsida av Etna til Etnedal mølle, opp til Klevgård, ned til Voll, så ut på den nyasfalterte fylkesvegen mot Lundebrue, så på vestre elvekanten dels på grusveg, dels på traktorveg og dels på smal sti, og til slutt på kanten av eit nyslått jorde fram til Etna Familiecamping. Tilbake same leia til Lundebrue, over brua denne gongen, bort til garden Lunde, så på fylkesvegen til Hellefossen, der frå på traktorveg til barnehagen og gjennom Bruflat sentrum og tilbake til bilane.

Vi hadde mange stopp under vegs. Torodd er oppvaksen i denne delen av Etnedal og hadde mykje å fortelja om. Det let seg ikkje gjera å referera alt som blei fortalt i eit kortfatta turreferat. Men vi må spesielt nemna

  • besøket på Etnedal mølle,
  • stoppen ved Lundebrue der vi fekk høyra om soga til brua, om tømmerfløyting m.m.
  • informasjonen om Sigurd Lybeck (best kjent for historiene om Jens von Bustenskjold).
  • kanaliseringa av Etna på 60-talet, vi sykla sjølve på den vegen som blei laga som resultat av dette arbeidet.
  • stoppen ved badeplassen ved Hellefossen
  • statuen av Sigurd Lybeck og nokre av figurane hans på Bruflat. Sigurd Lybeck var bestefar til Torodd.
Rast på Etna Familiecamping
Rast på Etna Familiecamping Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Eigaren av Etna Familiecamping var informert om at vi skulle komma, og vi fekk eta nista vår der og unte vi oss ein halv times stopp før vi sykla tilbake.

Også på Voll var dei varsla om at vi kom, så vi fekk sykla gjennom eit område som av avstengt med elektrisk gjerde. Tusen takk for det.

Vervarslinga blei gjort til skamme. Det kom berre nokre få regnskurar på heile turen, og jammen titta også sola fram ei lita stund.

Ved Lundebrue
Ved Lundebrue Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Fleire av turdeltakarane hadde ikkje tidlegare vore på mange av dei stadene vi besøkte, og alle var svært begeistra over naturen, kulturen og ikkje minst over alt det Torodd fortalde om.

Vi kan trygt anbefala andre å sykla same traseen som vi gjorde. Bort sett frå korte strekk på fylkesvegen, var det mest ingen møtande trafikk denne dagen. Turen var i alt ca. 24 km.

Takk til turdeltakarane for ein triveleg tur. Hjartleg takk til Torodd Lybeck for framifrå guiding på turen.

Turleiar og referent: Bjørn Vegard Johnsen 

 Turleiar: Mads Wangensten

                                                                 

Ved Sigurd Lybecks statue
Ved Sigurd Lybecks statue Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 16. juli 2020