19. juli var det Kremtopptur til Nørre Gluptinden

Snart framme på Nørre Gluptinden
Snart framme på Nørre Gluptinden Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Kremtopptur med sol på tind.

Sola skein på dei 13 og 1 hund som kom opp på Nørre Gluptinden (1555 m.o.h.) denne mandagen. Det var vindstille og varmt, og alle gledde seg over det storslåtte utsynet i alle retningar.

Turen starta frå stølen Urek ved innsjøen Vinstre. Etter opprop og gjennomgang av smittevereglane følgde vi DNT-stigen mot Gjendesheim til gjennom skaret mellom dei to Gluptindane. Der frå gjekk vi opp ryggen mot toppen på den vestraste av dei og same vegen tilbake.

Mørke skyer nærmar seg
Mørke skyer nærmar seg Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vi hadde mange stopp under vegs. Det blei orientert om m.a.

  • reguleringa av Vinstravassdraget.
  • Haugseter
  • stølane langs Vinstre og mjølkeruta med båt
  • statsallmenninga og Melby sameige
  • namn på fjell vi såg i alle retningar
  • historia om Heimdalen
  • mm DNT- ruter i området
Rast før oppstigninga
Rast før oppstigninga Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Turen starta i godt opphaldsver. Turleiar hadde gått turen 2 veker tidlegare og var spent på om vi ville komma tørrskodd over Urekåne. Men heldigvis hadde snøen som dekte noko elva då, trekt seg så langt tilbake at vi fann ein nær perfekt plass å kryssa elva på litt lengre oppe enn der ein til vanleg gjer det.

Ved inngangen til skaret mellom tindane kom ei heftig haglbyge og fekk oss til å ta på regntøy. Men den stod ikkje lenge på. Veret letna, og etter kvart fekk vi god utsikt mot Jotunheimen og Heimdalen.

Ikkje langt att
Ikkje langt att Foto: Bjørn Vegard Johnsen

For å unngå for bratt oppstigning valde vi å følgja ryggen til topps. Då slapp vi å gå i for mykje ur.

Omtrent på same plassen som haglbyga kom på oss, blei vi nådd att av ei regnbyge. Den var heldigvis også kortvarande, og snart skein sola nok ein gong på tinden vår.  

Matpause på toppen
Matpause på toppen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Nede ved Urek orienterte vi om framtidige turar og takka for denne turen som blei gjennomført utan uhell av noko slag.

Takk til turdeltakarane for ein trivleg tur.

Turleiar og referent; Bjørn Vegard Johnsen

 Turleiar: Beate Sunde Knutsen

                                                   

Rast i elvefaret på veg ned att
Rast i elvefaret på veg ned att Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 21. juli 2020