1. september hadde Seniorgruppa sykkeltur i sagnomsuste Vassfaret

Før start ved Aurdalsetra
Før start ved Aurdalsetra Foto: Torkjell Haugen

I strålande ver sykla 5 påmelde deltakarar og 2 turleiarar gjennom sørlege delen av Vassfaret.

Vi starta turen ved Aurdalsætra og sykla til Øvre Grunntjern. Under vegs stoppa vi på alle dei mest kjende stadene i denne delen av Vassfaret: 

  • Aurdalsdammen, Bjørke, Skrukkefyllhaugen, Nevlingdammen, Vassfarplassen og Øvre Grunntjern. 
Ved Aurdalsdammen
Ved Aurdalsdammen Foto: Torkjell Haugen

Fram til Vassfarplassen er traseen god skogsbilveg.  Vidare fram til Øvre Grunntjern sykla vi på god traktorveg. Planen var å sykla til Suluvatnet. Vegen fram dit er steinete og dårleg traktorveg.  Men det var så mykje å sjå og prata om på turen at tida gjekk frå oss. Vi blei difor samde om å snu etter ein god pause ved Øvre Grunntjern.

Bjørn Vegard i bjørnehiet
Bjørn Vegard i bjørnehiet Foto: Torkjell Haugen

Undervegs prata vi om:

  • Ved Aurdalsætra prata vi om naturen i Vassfaret.
  • Ved Aurdalsdammen var temaet dammen og tømmerfløyting i eldre tid.
  • Ved Bjørke hadde vi ein god matpause og informerte om milorggruppa Elg som hadde halde til der og andre stader i nærleiken under 2. verdskrigen. Vi besøkte også bjørnehiet som ligg eit lite stykke ovom Bjørke.
  • Ved Skrukkefyllhaugen var temaet namnet til vatnet Skrukkefylla og livet til Berte Skrukkefyllhaugen som vaks opp og levde store deler av livet sitt på denne buplassen.
  • Ved Nevlingsdammen såg vi på sjølve dammen og prata meir om tømmerfløyting.
  • På Skjerberget nytte vi det storfælte utsynet over innsjøen Nevlingen.
  • Nedanfor Vassfarplassen prata vi om livet på denne største garden i Vassfaret og om Dølavegen som er ein sti som går over fjellet til Hedalen stavkyrkje.
  • Ved Øvre Grunntjern hadde vi ein ny lang matpause før vi kryssa vi elva og kommunegrensa mellom Sør-Aurdal og Flå og tok ein titt på kvernhusa ved fossen der.

På turen tilbake til Aurdalsætra og bilane hadde vi berre oppsamlingsstopp og var framme omtrent til planlagt tid etter 30 km sykling utan alvorlege uhell. Fleire i turfølgjet hadde ikkje vore i Vassfaret før, og alle sa dei hadde hatt ei god oppleving.

  • Turleiar, forteljar og referent: Bjørn Vegard Johnsen
  • Turleiar: Torkjell Haugen
Skrukkefyllhaugen
Skrukkefyllhaugen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 5. september 2020