5. desember var det skitur i tåke og sol på Valdresflye

Det er ikkje alltid vêret stemmer med vêrmeldinga, og det kan slå begge vegar. Vi var åtte som møttest på toppen av Flye klokka 10 på laurdagen, i tjukk tåke, sjølv om yr hadde varsla sol og blå himmel. Etter ei kort påminning om smittevernreglar samt litt praktiske opplysningar elles, var det berre å finne fram kart og kompass.
DNT-turen skulle gå sørvestover på Flye, i same retning som sommarruta mot Torfinnsbu. Her har vi tidlegare hatt flotte turar, både i november/desember og på vårparten. Og nesten ingen andre går her, i motsetnad til folkevandringane mot Rasletinden og Kalvehøgdene.

Skikkeleg kompassmarsj var ikkje nødvendig, berre omtrentleg retning på kompasset. Det var heilt stille, men sikt nær null, og nesten ingen steinar å sikte mot, så det kjendest litt på lykke og fromme. Etter ei stund traff vi rett på tre vardar langs sommarruta, vi var altså førebels på bra kurs.
Alle i fylgjet fekk prøve å gå fyrst i tåka, og det var dessutan noko brøyting i 10 - 20 cm kornsnø. Begge deler var ganske slitsamt, men tydelegvis ei nyttig erfaring.

Etter ein time sprakk skydekket opp, og vi fekk tre timar med glitrande sol, blå himmel og utsyn mot fjella i sør og aust. Matpausen var i sol, og vi fortsette i godt over ein time til før vi snudde. Eit stykke på tilbaketuren skya det snøgt til att, slik at siste timen var i skikkeleg gråvêr. Men ikkje på langt nær så ille som i starten, og no hadde vi jo sporet å gå i!
Ein veldig triveleg tur, der vi alle fekk oppleve kor skiftande fjellet kan vere - og kor flott og godt det er å vere ute og bruke kroppen!
Referent og turleiar: Tor Harald Skogheim
