2. mars hadde Seniorgruppa skitur i Knauserunden på Beitostølen

Rast opp frå Fv 51
Rast opp frå Fv 51 Foto: Bjørn Vegard Johnsen

På grunn av for harde og glatte løyper flytta seniorgruppa skituren 2. mars frå Saur til Beitostølen. 4 deltakarar, 2 turleiarar og ein hund møtte opp på Beitostølen klokka 12 i flott ver og til fine løyper.

Vi starta frå parkeringsplassen eit stykke nedanfor sentrum mot Beito. Der frå følgde vi løype grøn 1 opp til enden av nørre skitrekket, så løype blå 1 rundt Knausane (Knauserunden). Frå Garli følgde vi løype blå 2 og grøn 1 tilbake til start. I alt var turen på vel 17 km.

Vi tok oss god tid med mange stopp der vi nytte utsynet. Første matpausen tok vi ståande der løypa flata ut etter oppstigninga etter at vi hadde kryssa F 51. Det var trass lenge sidan frukost.

Hovudrasten tok vi ved Tutjerne. Der hadde andre turløparar laga rasteplass, og der sette vi oss ned og verkeleg nytte mat og utsikt.

Rast ved Tutjerne
Rast ved Tutjerne Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Løypene på Beitostølen blir køyrde mest kvar dag, og difor blei utforkøyringane tilbake til start ei svært positiv oppleving i dei passe mjuke og gode spora.

Vi gjennomførte turen utan uhell av noko slag, og deltkarane sa dei var svært godt nøgde med turen.

Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiar: Bjørn Vegard Johnsen og Ester Christensen          

Utsikt frå Tutjerne
Utsikt frå Tutjerne Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 3. mars 2021