25. juli hadde Seniorgruppa sykkeltur på Stølsvidda

Opp mot Brattåsen - Stølsvidda
Opp mot Brattåsen - Stølsvidda Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Makalaus sykkeltur på makalause Stølsvidda.

6 ivrige syklistar medrekna 2 turleiarar, gjennomførte den 36 km lange runden på Stølsvidda søndag 25. juli. På grunn av dystre verutsikter blei turen framskunda frå 27. juli. Det skulle visa seg å vera eit smart trekk. Søndagen blei ein passe varm dag og med for det meste strålande sol. Ein perfekt dag for ein lang sykkeltur.

Ruta for turen: start ved bommen ovom Brennabu leirskule, Flyinvegen til Flyin via Krististølen, Langestølen, Tyrisholt, Brattåsen, Valtjednstølen, Gomobu, Brennabu og tilbake til start.

Stopp ved Tyrisholt
Stopp ved Tyrisholt Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Vi hadde mange stopp under vegs for å nyta den flotte naturen rundt opp. På Langestølen hadde vi ein lang matpause. Vi blei servert nysteikte vaflar og kaffi der. På Tyrisholt stoppa vi for å informera om turstigen Stølsruta som DNT Valdres har opparbeidd og om den ubetente hytta som laget leiger der. På Valtjednstølen hadde vi ein ny matpause.

Turen gjekk på svært gode stølsvegar, det var lite biltrafikk, men vi møtte mange andre syklistar. Ja, Stølsvidda er eit eldorado for dei som likar å sykla i fjellet. Vi kom i mål utan uhell av noko slag. Vi hadde ein tredje turleiar i beredskap med bil i tilfelle større uhell.

Takk til deltakarane for ein triveleg tur saman.


Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden

Rast ved Valtjednstølen
Rast ved Valtjednstølen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 27. juli 2021