11. august var det Onsdagssnert til Flagget og Storberg

Flott utsyn frå berget rett over Flagget, blant anna mot Hedalsfjorden
Flott utsyn frå berget rett over Flagget, blant anna mot Hedalsfjorden Foto: Tor Harald Skogheim

Åtte personar og to hundar var med på denne kveldsturen i Skammestein, i sol og god temperatur. "Flagget" og Storberg var turmål, desse ligg rett opp for Lidar skule.

Vår turstart var oppe ved bommen på Vinstervegen, som går heilt inn til Skindro på sørsida av Vinstervatnet. Etter eit kort stykke på stølsvegen tok vi til venstre og følgde ein fin skogsveg innover.

Etter om lag ein halv time svinga vi ned til eit herleg utsiktspunkt. Det ligg rett over Flagget, som vart måla på ein bratt bergvegg dagen etter folkerøystinga hausten 1972, då eit knapt fleirtal sa nei til å bli med i EF (seinare kalla EU).

På veg mot Storberg, med Bitihødn og Jotunheimtindane bak i skyene
På veg mot Storberg, med Bitihødn og Jotunheimtindane bak i skyene Foto: Tor Harald Skogheim

Her vart det god matpause med herleg utsyn mot vatn, åsar og fjell - og mot bygdene langs hovudvegen. Etterpå gjekk vi på god sti opp til høgdepunktet Storberg, undervegs passerte vi små myrer der dei siste modne moltene lokka oss til å smake. Frå toppen vart det betre utsyn mot aust  - og etter ein kort pause her tok vi same rute attende til bilane. Turen tok 2,5 time, pausar medrekna, i roleg tempo.

Turleiar og referent: Tor Harald Skogheim

Bergflagget i Skammestein vart måla dagen etter EF-avrøystinga i 1972
Bergflagget i Skammestein vart måla dagen etter EF-avrøystinga i 1972 Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 15. august 2021