31. august hadde Seniorgruppa dagstur med sykkel og til fots i Langsua nasjonalpark

På brua over Fjelldokka på veg tilbake til Etnstølen
På brua over Fjelldokka på veg tilbake til Etnstølen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

I strålande haustver arrangerte seniorgruppa sykkel- og fottur til opne buer i Langsua nasjonalpark. 5 turdeltakarar medrekna 2 turleiarar fekk ei ugløymeleg oppleving denne flotte haustdagen.

Etter å ha funne parkeringsplassar på Etnstølen (910 m.o.h) i Øystre Slidre sykla vi til DNT-hytta Haldorbu (ca. 1000 m.o.h.) Første 5 km gjekk på rimeleg bra grusveg (bomveg) til Kvitfeten. Der frå nye 5 km på dårleg traktorveg. DNT byggjer ny sikringsbu på Haldorbu. Difor er denne vegen bøtt med grus på dei verste plassane for å få fram materialar og utstyr til bygginga. Det var difor litt lettare å sykla her no enn før.

Rast ved Haldorbu
Rast ved Haldorbu Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Ved Haldorbu hadde vi ein lengre matpause. Så følgde vi den t-merka stien mot Skriurusten. Eit stykke oppe i lia kom vi inn i nasjonalparken. Litt lenger oppe er det stidele mot Liomseter. Vidare innover flatar terrenget seg ut med vide utsyn over store deler av nasjonalparken.

Rast ved Langsubua
Rast ved Langsubua Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Oppe på vel 1200 m.o.h. kom vi til eit nytt stidele. Her tok vi t-merka stig mot Storkvelvbu, og etter ca. 1 km var vi framme ved Langsubua. Den er ei av dei mange opne buene i Gausdal. Den ligg lunt og idyllisk tett inn til foten av Heklefjellet ca. 1220 m.o.h. Også her er utsikta vid med Synnfjellet lengst i sør. Her frå går det t-merka stig mot Liomseter.

Eit lite stykkje oppe i bakken ovanfor bua renn det beste drikkevatnet du kan tenkja deg rett ut av fjellet.

Her hadde vi ein lang matpause og la oss rett ut i den varme sola. Besøket her blei høgdepunktet på ein elles svært vellukka tur.

Etter besøket ved Langsubua gjekk vi tilbake til stigen vi forlet. Etter ein halvtime var vi framme ved Vesterheimsbua (1245 m.o.h.). Dette er også ei open bu i Gausdal. Den er mindre enn Langsubua. Eit stykke oppe i bua ligg det ei steinbu. Den er restaurert tilbake til slik den truleg var då den blei bygd.

Vesterheim ligg lengst vest i Gausdal tett inn til Sørre Langsua med utsyn over store deler av Valdres.

Ved steinbua i Vesterheim
Ved steinbua i Vesterheim Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Det var eigentleg meininga at vi skulle gå vidare opp til Massingholet (ca.1400 m.o.h.) i skaret mellom Nørre og Sørre Langsua. Men i det fine veret gjekk tida frå oss. Vi bestemte oss difor å gå tilbake etter opphaldet i Versterheim.

Tilbaketuren til Haldorbu gjekk på same stien som fram. Sykkelturen tilbake gjekk raskare enn framturen.

Tilbake på Etnstølen
Tilbake på Etnstølen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Sykkelturen og fotturen var på i alt ca. 30 km og gjekk utan uhell av noko slag. Deltkarane var glade for å få oppleva fjellet her i så flott haustver.

Takk til turdeltakarane for triveleg samver.

​​​​​​​Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden

Ved Vesterheimbua
Ved Vesterheimbua Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 1. september 2021