27. august hadde Seniorgruppa tur til Heimdalen og Brurskarstjønnet

Utsyn mot Knutshø
Utsyn mot Knutshø Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Fredag, ved Heimdalsmunnen, møtte 4 påmelde turdeltakarar, 2 turleiarar og 2 veldreserte hundar opp til tur på umerkte stigar til Heimdalen og Brurskarstjønnet.

Denne turen skulle vore gjennomført tysdag 23. august og gått via Sandbakkbua i Heimdalen og følgd t-merka stig over fjellet mot Sjodalen.  Slik blei det ikkje. Yr melde gråver og regn den dagen.  Difor blei turen flytta til fredag 27. august.

Så fann turleiarane ut at vi ville ha start og mål for turen på same staden, Heimdalsmunnen ca. 1180 m.o.h.  

Straks vi kryssa gjerdet øvst i Heimdalen såg vi ein stor flokk med storfe midt i stigen. For å unngå konfliktar mellom hundane og kuflokken, la vi om turen og følgde den umerka stigen som går tett innunder Sørre Brurskarsknappen mot Brurskarstjønnet. Denne stigen er ikkje avmerkt på kartet, men ein av turdeltakarane hadde gått der før. Dette viste seg å vera eit godt val. Terrenget her er lettgått med fin utsikt over heile øvre delen av Heimdalen.

Første matpausen hadde vi på platået litt sør for gjerdet vi nett hadde passert. Her fortalde ein av turleiarane om liv, virke og konfliktar i Heimdalen opp gjennom tidene.

Veret var grått, og skodda hang nedover til ca. 1500 m.o.h då turen starta, med då vi nærma oss fiskebua ved Brurskarstjønnet, sprakk skydekket opp og vi kunne skimta Knutshø mellom dei to Brurskarsknappane.

Beate fortel om Jo Gjende
Beate fortel om Jo Gjende Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Andre og lengste matpausen hadde vi ved denne idylliske bua. Her fortalde turleiar Beate Sunde Knutsen levande om livet til den kjende reinsgjetaren og fjellmannen Jo Gjende.

Rast ved Brurskarstjønnet
Rast ved Brurskarstjønnet Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Etter matpausen klarna veret. Vi følgde stigen frå bua og ned til Fv 51 og brukte god tid. Utsikten her er eineståande: tindar og brear nord for Gjende, tindar som krinsar Leirungsdalen og med Knutshø midt imot.

Vel nede ved fylkesvegen, landa eit ambulansehelikopter på ein sandbanke nær ved. Det hadde oppdrag borte ved Høgdebrotet.

Siste biten mot Heimdalsmunnen gjekk vi på ein umerka stig ovom fylkesvegen.

Turen i dag gjekk på stigar og i lende der ikkje så mange går til vanleg og utan uhell av noko slag.

Takk til turdeltakarane for triveleg samvær.


Referent: Bjørn Vegard Johnsen

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Beate Sunde Knutsen

Utsikt over Heimdalen
Utsikt over Heimdalen Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Skrevet av Jørgen Wangensteen 7. september 2021