5. september var det dagstur til Svarthamartinden

Triveleg stopp ved Svarthamartjednet, med Svarthamartinden bak
Triveleg stopp ved Svarthamartjednet, med Svarthamartinden bak Foto: Tor Harald Skogheim

Stadig meir sol utover var med på gjere Kom deg ut-dagen ekstra triveleg for oss ni som var med.

Turen starta ved den tidlegare private turisthytta Kjølabu øvst på øystre Kjølastølen, og gjekk på god sti innover Piggsteinhøgde, med utsyn rett mot tindane i Jotunheimen, og mot fjell elles i alle retningar. Denne stien var inntil slutten av 1970-talet del av det merka rutenettet til DNT, ei rute som gjekk frå Storeskag via Kjølabu og over Skreddalsfjellet, så mot DNT-hytta Oskampen, eller til Haugseter og Gjendesheim.

Turen vår gjekk i lett terreng, og undervegs passerte vi grensa for Langsua nasjonalpark. Ein time etter start kom vi til Svarthamar (privat hytte, tidlegare støl), og tok fatt på ei kort, bratt stigning opp til Svarthamartjednet. Matpause litt oppi bakkane gjorde godt, og etter ny stopp og prat oppe ved det idylliske tjednet tok vi siste, jamne stigninga til toppen på 1471 meter. Utsynet er framifrå, og sjølv med litt skyslør i horisonten kunne vi sjå mellom anna Falketind, Surtningssue og mot Rondane.

På toppen fann vi ein lun plass der vi kosa oss lenge i sola
På toppen fann vi ein lun plass der vi kosa oss lenge i sola Foto: Tor Harald Skogheim

Vi fann etter kvart ein fin plass i ly for litt kald nordavind, og kosa oss lenge i varm sol. Returen gjekk greitt, langs same rute som opp, og nedi bakkane mot Svarthamar vart det høve til å smake på blåbær som framleis stod søte og gode. Attende ved Kjølabu kunne vi slå fast at det hadde vore 5,5 trivelege timar ute på tur i flott vêr og i herleg terreng.

Turleiar og referent: Tor Harald Skogheim

Ved idylliske Svarthamar, på veg heim. Svarthamartinden bak til venstre
Ved idylliske Svarthamar, på veg heim. Svarthamartinden bak til venstre Foto: Tor Harald Skogheim

Skrevet av Jørgen Wangensteen 9. september 2021